Hordaland vil bruka robotar mot isolasjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil bruka robotar mot isolasjon

I Noreg er det i dag minst 6.000 barn og unge som blir rekna som langtidssjuke. Dei er ofte borte frå undervisinga til skulen og forhindra frå å delta i sosiale samanhengar som til dømes klassemiljø og fritidsaktivitetar.

Onsdag vedtok eit samrøystes fylkesting i Hordaland å greia ut eit prøveprosjekt med velferdsteknologi for å forhindra isolasjon og einsemd blant langtidssjuke barn og unge i vidaregåande skule.

LES OGSÅ: Robotar tar over heimen

Rørt forslagsstillar
– Dersom dette kan utgjera ein skilnad for langtidssjuke barn og kvardagen til unge, gjer det meg veldig glad. Me veit at mange av desse borna kan føla seg isolert og einsame, og at dette kan bli ein ekstra påkjenning utanom kampen mot sjølve sjukdomen. Eg er rørt over at interpellasjonen blei vedtatt, at ein kan stå saman på tvers av partigrenser for å strekkja ut ei hand til borna i fylket som slit med langvarig sjukdom, seier Silje Hjemdal (Frp) (bildet).

Ho fremja også eit liknande forslag i Bergen bystyre onsdag ettermiddag.

Med stort fleirtal vedtok bystyret å setja i gang eit prøveprosjekt med velferdsteknologi for å forhindra isolasjon og einsemd blant langtidssjuke barn. Dette skal mellom anna gjerast ved å tilby robotteknologien AV1 for barn og unge som kan ha nytte av eit slikt tilbod.

LES OGSÅ: Robot går på skulen for Emma (10)

160 robotar i sving
I forslaget viser Hjemdal til robotteknologien AV1 som det norske selskapet No Isolation produserer.

Anna Holm Heide, presseansvarleg i No Isolation, fortel at dei innan julaftan vil ha 160 robotar ute for norske barn. Mellom kundane er kommunar, bedrifter, organisasjonar og privatpersonar.

– Me tilbyr eit hjelpemiddel som er til for alle barn og unge som ønskjer å gå på skulen, men som er for sjuke til å gjera det, seier ho, og legg til at ho gler seg over vedtaket i Hordaland.

Dei små avatar-robotane har innebygd kamera som kan rotera 360 grader og 40 grader opp og ned, og mikrofon og høgtalarar og 4G til overføring mellom roboten og barnet.

Les reportasjen vår frå verkstaden til dei unge robot-makarane!