Høie og Listhaug til kamp mot antibiotikaresistens

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til kamp mot antibiotikaresistens

– Vi står overfor ein dramatisk situasjon dersom vi ikkje lykkast i å få bukt med antibiotikaresistensen. Det er berre eit tidsspørsmål før antibiotikumet ikkje blir verksamt, seier Høie til Dagens Næringsliv.

Bakgrunn: Forsvaret mot bakteriar raknar

Ifølgje anslag døyr rundt 25.000 personar i Europa kvart år på grunn av antibiotikaresistens. Verdssamfunnet må handle raskt for å snu utviklinga, meiner statsråden.

– Klarer vi det ikkje, blir konsekvensen at alvorlege sjukdommar som kreft ikkje kan behandlast, og at sjukdommar som i dag ikkje er alvorlege, kan bli alvorlege, seier Høie.

LES OGSÅ: Studie: Fleire vil dø av resistente bakteriar

Regjeringa har vedteke å utarbeide ein strategi som involverer Helsedepartementet, Landbruksdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet. Ein plan skal vere klar i vår. Listhaug har det politiske ansvaret for å overvinne antibiotikaresistens blant dyr. Høie har tilsvarande ansvar for menneske. (©NPK)

LES OGSÅ: Kan biene løysa antibiotika-krisa?