Høgskulen på Vestlandet taper millionar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse høgskulane taper millionar

Inntektene til høgskulane og universiteta blir lagt om i det nye statsbudsjettet. Dei tre største får størst auke. Universiteta og høgskulane på Vestlandet og Sørlandet taper mest, saman med Nord Universitet og Høgskolen i Oslo og Akershus.

Rektor Bjørn Olsen ved Nord universitet i Bodø kallar modellen «omvendt Robin Hood-politikk».

– Eg er svært skuffa over at statsbudsjettet ikkje inneheld grep som styrkar inntektsgrunnlaget til dei nye universiteta, heller tvert imot, seier han til Khrono.

– Utslaga av den nye finansieringsmodellen blei mykje større enn forventa, seier styreleiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR), Vidar Haanes til avisa.

LES OGSÅ: Studiestipendet blir utvida med éi veke

Desse vinn mest:

Universitetet i Oslo +60.546.000
Handelshøyskolen BI +34.445.000
Norges teknisk-naturvitskaplege universitet +33.936.000
Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet +20.318.000

Desse kjem dårlegast ut:

Høgskolen i Oslo og Akershus -27.461.000
Universitetet i Agder -20.968.000
Universitetet i Stavanger -18.862.000
Høgskulen på Vestlandet -18.804.000
Nord universitet -16.273.000
Høyskolen Kristiania -11.175.000
Høgskolen i Sørøst-Norge -10.549.000
Høgskulen i Volda -6.254.000
 

Les siste nytt om statsbudsjettet her!