Høgskulen i Volda får solceller på taket

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgskulen i Volda får solceller

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Tussa Installasjon skal levere 1 000 kvadratmeter solceller til taket på Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda.

Solcelleanlegget kan produsere opp mot 100 000 kilowattimar i året, og er ifølgje Statsbygg eit av dei største anlegga i fylket, melder Høgskulen i Volda på sine heimesider.

– Solcelleanlegg kjem i stadig større grad inn som ein del av leveransen av elektrotekniske anlegg, og vi har eit kompetansemiljø knytt til dette. Denne typen anlegg som vi leverer til Statsbygg og Høgskulen i Volda har lang levetid og vil gi høg produksjon i mange år framover, seier Jo Stian Tverberg, administrerande direktør i Tussa Installasjon.

LES OGSÅ: I kø for å få solkraft

570 solceller
Arbeidet på høgskulebygget i Volda har nettopp starta opp, og totalt skal 570 solceller verte montert opp på nord- og sørsida av taket. Energien anlegget produserer skal nyttast i bygget.

Ifølgje Høgskulen i Volda og Frank Lande i Statsbygg vil produksjonen dekkje om lag 10 prosent av energiforbruket i huset.

– Statsbygg er oppteken av grøne avtalar og fornybar energi. Vi har store takflater på bygga våre rundt om i landet og vil på denne måten utnytte det. No blir Berte Kanutte-huset eit av dei første bygga som Statsbygg eig med solcellepanel på taket, seier Frank Lande til Høgskulen i Volda.

Tussa Installasjon er ein del av energikonsernet Tussa, og har etablert seg som ein regional leverandør innanfor alle typar installasjonstenester.

Jo Stian Tverberg seier dei er glade for å ha fått oppdraget på Høgskulen i Volda.

– Gjennom rammeavtalen med Statsbygg og Høgskulen i Volda har vi hatt eit godt og langt samarbeid. Dette prosjektet føyer seg inn i rekkja av det. Vi er ein solid og trygg leverandør, som vil vere der i heile levetida av anlegget, seier Tverberg.

LES OGSÅ: Tuva Novotny knuser myter om solceller