Høgre har flest rike onklar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman 78 gjevarar, både privatpersonar og verksemder, gir Høgres valkamp til saman over åtte millionar kroner. Oslo Høgre aleine har fått 3,3 millionar.

– Eg er glad for at ein del av våre støttespelarar både blant medlemmer og eksterne ser at vi treng musklar til valkampen, seier Høgres generalsekretær Lars Arne Ryssdal til Klassekampen.

LES OGSÅ: Borgarlege bruker mest på valkamp

Faste gjevarar
Ap har fått 6.465.000 fordelt på ni gjevarar. Alt er frå fagrørsla. Veslebror SV har fått 2,7 millionar kroner.

Dei siste åra har Høgre satsa på å skaffe seg ein base av faste gjevarar. Ryssdal fortel at dei nå har rundt 3.000 personar som gir eit fast månadleg beløp. Til saman gir det partiet mellom fem og seks millionar kroner i årlege inntekter. Det kjem i tillegg til gåvene som blir gitt til partiet i samband med valkampane. (©NPK)