Høgare trivsel med skulefrukost

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No er det jo så mykje fokus på fråværsgrensa, og noko så enkelt som frukost kan vere til stor hjelp for å kome seg på skulen, seier elevrådsleiar Vebjørn Holen Seljestad.

I kantina på Lakselv videregående skole finn han to skiver med kvitost og ein kopp kaffi.

Frukost i mørketida
I 2007 fullførte berre seks av ti elevar studieløpet på Lakselv vidaregåande skole, men dei siste åra har talet halde seg stabilt på rundt åtte av ti.

Rektor Sylvi Johnsen meiner at eit målretta fokus på elevvelferd og medverknad har mykje av æra.

Den populære skulefrukosten starta opp vinteren for fire år sidan.

– Me merka at elevane hadde tungt for å stå opp i mørketida, så planen var eigentleg å ha frukost mellom 20. november og 20. januar, forklarar rektor Johnsen.

Ho fortel at det vart ramaskrik frå elevrådet då dei fekk vete at ordninga ikkje skulle vidareførast. Difor har ordninga vorte permanent.

LES OGSÅ: Aldri før har så mange fullført vidaregåande

Sosial samling
Elevrådsleiaren plar ete frokost i kantina eit par gonger i veka. Pernille Bjørnbak (18) frå Porsanger går tredje året studiespesialiserande, og fortel at ho et frukost på skulen kvar dag.

– Då kjem du ikkje på skulen og har stått opp for fem minutt sidan, smiler ho.

Første dag etter vinterferien er det ikkje så mange i kantina, men i dei meir intense periodane kjem det fleire til frukosten. Seljestad forklarar at elevane då er sikre på å koma seg på skulen i tide.

– Då ser du at folk sit i klassepuljer. Eg trur absolutt at frukost er ein god start på dagen, men det handlar òg om det sosiale, smilar 21-åringen.

Han har flytta nordover frå Førde, og er ein av mange bortebuarar i Lakselv. Den vidaregåande skulen set trivselen høgt, og i tillegg til skulefrukost tilbyr dei elevtrim, studiekafé og hobbykveldar.

Bjørnbak er leiar for elevtrimmen, og trur slike tiltak gjev sterkare samhald. Både ho òg Julie Mikkelsen (18) meiner at fleire vidaregåande skular burde tilby skulefrukost, så sant dei har kapasitet til det.

(Saka held fram under biletet.)

Skulefrukost Lakselv
Elevrådsleiar Vebjørn Holen Seljestad (21), Julie Mikkelsen (18) og Pernille Bjørnbak (18) er alle særs nøgde med å få frukost på skulen. 

Fleire fullfører
I 2011 fullførte rett under halvparten av elevane i Finnmark vidaregåande. I resten av landet fullførte 70 prosent på normert tid eller meir.

Både på landsbasis og i Finnmark er fråfallet i den vidaregåande skulen på veg ned. I 2015 fullførte 55 prosent av elevane i Finnmark vidaregåande opplæring, mot 73 prosent på landsbasis.

Men samanlikna med resten av landet sluttar framleis nesten dobbelt så mange elevar i Finnmark på vidaregåande.

Rektoren Sylvi Johnsen fortel om elevar som bur så langt heimefrå at dei nesten ikkje kjem seg heim i helgene.

Ho meiner at lange avstandar, mangel på kvalifiserte lærekrefter og at mange har foreldre med låg utdanning er nokre av årsakene til dei nedslåande tala i nord.

LES OGSÅ: Fleire går ut av grunnskulen utan karakterar

Kulturforskjell
Rektoren sine observasjonar stemmer overeins med funna til Eifred Markussen ved Nordisk Institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU), som på oppdrag frå fylkeskommunen har kartlagt og studert fråfall i den vidaregåande skulen i Finnmark.

I likheit med resten av landet speler faktorar som sosial bakgrunn, skuleengasjement og prestasjonar inn på fråfallstatistikken i Noregs nordlegaste fylke.

Det forskarane har funne ut at skil Finnmark frå resten av landet handlar om kultur og om nokre feilaktige førestillingar om samanhengen mellom utdanning og arbeidsmarknad.  

– Det er ein del unge i Finnmark som, fordi dei har sett at slik var det i foreldregenerasjonen, har ei førestilling om at dei ikkje treng utdanning for å få jobb, at det er lett å få jobb og tene godt, forklarar Markussen.

Han presiserer at dette langt frå gjeld alle, men at for nokre kan ideen om arbeid allereie etter ungdomsskulen føra til at skulen kjennest irrelevant, noko som fører til at innsatsen og resultata vert dårlegare. Konsekvensen vert at dei er dårlegare budd for ein krevjande vidaregåande skole.

Markussen trur trivselstiltaka på Lakselv vidaregåande absolutt kan bidra til å hindra fråfall, men forklarar at dei ikkje har funne tal som viser at hybelbuarar i større grad fell frå.

– Det som derimot auka risikoen for fråfall var dersom elevar framfor å flytta bort og byrje på den utdanninga dei helst ønskte, vert heime og byrjar på ei utdanning som ikkje interesserer dei, seier han.

Billig tiltak
Rektoren Johnsen fortel at skulefrukosten er enkelt og billig å drifte, men at det har vorte eit veldig viktig sosialt tilbod. Dei siste åra har skulen fått støtte av Porsanger kommune, Elevorganisasjonen og fylkeskommunen.

– Det er billegare enn om elevane fell i frå og kjem ut på andre budsjett, noko som kostar samfunnet mykje meir, avsluttar rektoren.

LES OGSÅ: Då Jan Hendrik (18) risikerte å mista leilegheita fekk han hjelp av skulens NAV-rettleiar. No skal tilbodet utvidast til skular over heile landet.