Hjarte i utakt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre år gamal gjekk han på ski til Eirefjell saman med foreldra sine. Skirenn var han med på frå han hadde lov. Han blei tidleg krøkt, Eivind Romberg Kvaale frå Høydalsmo.

– Seriøs blei eg vel i 13-årsalderen, smiler Kvaale.

Travelt hjarta
Frå han byrja med langrenn og fram til han var rundt tolv år, vann han dei fleste konkurransane han var med i. Men tøffare konkurranse gav bod om at systematisk trening var vegen å gå om han framleis skulle halde seg i tet. Og det var som 13-åring han fyrst fekk føling med hjarta som plutseleg fekk det meir travelt enn vanleg.

– Eg var ute og sprang. Eg skulle springe heim frå Støylsdalen då eg med eitt kjente at pulsen blei ekstra høg, samstundes som kroppen stivna og pusten blei kort og tung, fortel Kvaale.

Han blei ikkje redd. Heller undrande til kva som hadde skjedd. Skulle han svinte seg heim, eller var det rett og slett pulsklokka som var feil? Han var usikker.

– Det same skjedde fleire gonger i løpet av året, og eg var til fleire undersøkingar i eit forsøk på å finne kva som var gale. Men det blei ikkje funne noko feil med hjarta mitt. Verken EKG eller ultralyd viste noko unormalt. Det enda med at dei trudde det kunne vere nokre nervar som sendte feil impulsar, hugsar Kvaale.

Chip under huda
Han fekk operert inn ein chip under huda som skulle registrere og lagre informasjon om eventuell avvikande puls og hjarteslag.

– Dersom pulsen blei høgare enn 205 blei det registrert. Chipen hadde eg i lang tid. Slik fann dei ut at det kunne vere sinusknuten som var problemet, forklarer han.

Sinusknuten er ein impulsgjevande knute av spesialiserte, omdanna hjartemuskelceller ved munningen av den øvre holvena i høgre forkammer i hjartet. Sinusknuten er opphav til den normale hjarterytmen (sinusrytmen) i det impulsane til hjartets samantrekning normalt kjem frå knuten.

– Eg har nesten aldri opplevd å få denne plutseleg høge pulsen på trening. Truleg er det stressrelatert, og sjølv om eg føler at eg er roleg på skirenn, kan det nok vere litt umedvete stress likevel, seier han.

Har funne ein måte
– Korleis kjennest det når hjarta «går amok» og sender pulsen til værs?

– Det er vel ikkje så lett å beskrive, men det blir ei ekstra dunking i bringa samstundes som kroppen stivnar meir eller mindre. Eg hyperventilerar også, svarar han.

– Dersom eg stoppar opp og går ned i kneståande gjev det seg straks. Det er ein teknikk eg har lært meg for å takle dette, legg han til.

Dermed blir ikkje konkurransane øydelagt slik dei kunne bli før. I alle fall ikkje så ofte.

– I blant hender det at eg tapar for mykje, men det er sjeldan eg gjev meg. Eg har kome på pallen sjølv med supraventrikulær takykardi, som er namnet på lidinga, fortel Kvaale.

Hausten 2012 blei han innlagt på sjukehus, og dei prøva å provosere fram problemet. Dei lukkast ikkje, og kunne dermed heller ikkje gjere noko.

– Hjarta blei skikkeleg testa og eg føler meg heilt trygg. Problemet gjer meg til tider frustrert, og i blant tærer det på motivasjonen. Men eg let meg ikkje stoppe så lett, smiler han.

Vil bli best
Til vinteren er han seniorløpar, og han reknar med at overgangen blir tøff. Men ambisjonane er i orden.
– Eg held ikkje på til eg er 30 år om eg ikkje er blant dei aller beste. Det er uinteressant å vere listefyll. Om eg ikkje er nær toppen som 22–23-åring er det store sjansar for at eg finn på noko anna, seier han.

– Sjølvtilliten er i orden og eg trur eg kan bli så god eg berre vil, legg han til.

Skisesongen var over i slutten av april. I løpet av mai sette Kvaale i gang med treninga att. Orienteringsløp er eitt av fleire treningsalternativ han brukar i løpet av sommaren.

Kvaale har vore i kontakt med andre som har tilsvarande liding, og det er ganske mange i same båsen som han.

– Hadde eg ikkje vore idrettsmann og pressa kroppen min, hadde eg truleg aldri merka noko. Eg har prøva å endre kosthaldet for å sjå om det kunne hjelpe, men fleire prøver gav ikkje svar som tyda på minermangel eller slike ting, fortel han.

Teammedlem
I månadsskiftet april–mai fekk Kvaale beskjed om at han var utteken på Team Veidekke Oslofjord. Det er eit lag under Skiforbundets paraply, og slik sett kan vegen til landslaget vere kort om suksessen kjem.

– Det er viktig å vere ein del av eit team når ein skal satse. No ser eg fram til neste sesong. Eg kjem framleis til å representere Høydalsmo IL. Me har eit godt stafettlag, og eg har mange gode støttespelarar lokalt, avsluttar Eivind Romberg Kvaale.

Les saka i Vest-Telemark Blad!