– HIV kan utryddast

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år blir det markert at det er 30 år sidan det første tilfellet av hiv og AIDS vart registrert.

– For første gongen ser vi at smittetala er på veg ned, no ser vi faktisk at det er mogleg å stoppe denne forferdelege pandemien. Den auka politiske og finansielle viljen dei siste ti år har vore avgjerande for å snu utviklinga, seier Ingrid Aas Borge, nestleiar i Changemaker.

Men ifølgje Marius Trøseid i Legar utan grenser, har finanskrisa gjeve kutt i støtta til behandlingstilbodet. Til ABC Nyheter oppmodar han Noreg å gje ein milliard kroner til kampen mot hiv og aids.

Flest i fattige land
33,3 millionar menneske lever med hiv. Det er som om alle menneska i Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Grønland, Estland, Latvia, Litauen, Liechtenstein og Vatikanstaten hadde hiv. Dei fleste hiv-positive lever i den fattige delen av verda.

68 prosent av verdas hiv-positive lever i Afrika sør for Sahara, og er eit stort hinder for utvikling. I kampen mot fattigdom er kampen mot hiv heilt avgjerande. Nesten 2 millionar menneske døyr årleg av ein sjukdom det finst medisinar mot.

– Hiv og AIDS er eit urettferdigheitsproblem. Tilgjenge til medisinar og helsetilbod på verdsbasis er ikkje fordelt etter behov, men etter rikdomen til landa. Det er i den fattige delen av verda flest menneske døyr av AIDS, seier Ingrid Aas Borge.

Krev politisk trykk
1.desember er ein dag for å markere solidaritet med menneske som lever med hiv. Men dagen er òg til for å halde politikarar ansvarlege for måla dei har forplikta seg til gjennom tusenårsmålet til FN om å stoppe spreiinga av hiv.

– Dette krev enno politisk trykk for leiarane i verda har ikkje prioritert kampen mot hiv høgt nok. Det globale fondet for kamp mot hiv, tuberkulose og malaria får ikkje dei midlane dei er lova frå rike land. Noreg må ta ei leiarrolle for å sikre fattige menneske tilgjenge til livsnødvendige medisinar, og satse meir på forsking på nye og betre medisinar for å stoppe verdas største helseutfordring, avsluttar Ingrid Aas Borge.

Marius Trøseid i Legar utan grenser oppmodar Noreg til å gje ein milliard ekstra i året.