Historiske spel frå Moster til Stiklestad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er tradisjon over heile landet å framføre historiske teaterstykke i sommarsesongen, og det er ofte eit distriktsfenomen. Nokre stykke står på plakaten kvart år, medan andre har pause eitt år eller to før dei vert vist for publikum att.

– Grunnen til at små kommunar og små stader i så stor grad kan utvikle spel, er at spel er eit kollektivt prosjekt som sameinar aktive på tvers av profesjonar. Slike prosjekt er lettare å mobilisere på mindre plassar der ein kjenner kvarandre betre og har lang erfaring i felles samarbeid gjennom dugnad, meiner professor i teatervitskap Jon Nygaard i ein artikkel i Spelhandboka.

Amatør + profesjonell
Definisjonen på eit historisk spel er teaterframsyningar, med eller utan musikk, som er knytt til historiske eller mytiske hendingar. Historia vert gjerne gjenskapt på staden der hendinga skjedde og veldig ofte ute i friluft. På scena står både amatørar og profesjonelle, og lokalbefolkninga har lagt ned mykje arbeid i å få det heile i stand.

LES OGSÅ: Simon Voldsund frå «Vaffelhjarte» er ein av 300 personar som lagar Herøyspelet

Sjå innslaget frå Herøyspelet her:

Kyrkje, konge og kjærleik
Religionsstrid, kongemakt og kjærleik er sentrale tema i mange av dei historiske framsyningane dei kommande sommarvekene. Men du kan også få med deg iscenesette soger om svartedauden, pilegrimar, nasjonsbygging, finsk innvandring, slusebygging og okkupasjonstid.

– Det som kjenneteiknar ei slik historisk oppsetjing er at ho tar utgangspunkt i ei segn eller ei lokal forteljing. Framsyninga er knytt til staden der handlinga føregår, og framføringa skjer også der, fortel Oddvar Isene til reiselivsmagasinet Rett vest. Han har i mange år sete i styret for Norske Historiske Spel og har brukt mykje tid på å kartleggje slike teaterstykke.

Historiske spel er knytt til historiske eller mytiske hendingar på ein bestemt stad. Kvar sommar kan du leggje ut på ein omfattande noregsferie for å få med deg fleire av dei. Her frå Stiklestadspelet i 1970. Arkivfoto: NTB scanpix / NPK

– Mange av dei vert drivne berre eitt eller nokre få år før dei vert lagde ned, medan andre har ein lang tidshorisont. Vi reknar med at det finst mellom 130 og 140 slike oppsetjingar i Noreg som vert viste minst kvart femte år, seier Isene.

LES OGSÅ: Mange vil lære å bli viking på folkehøgskule

Fest i friluft
Ein av grunnane til at talet på spel her i landet er blitt så mange og mangfaldige og har fått eit stort publikum, er at dei går føre seg utandørs, meiner professor i teatervitskap Jon Nygaard.

– I eit land med eit kaldt og regnfullt klima skulle ein ikkje tru at vi skulle finne teaterformer som minner om dei store utandørsframsyningane i antikken i det solfylte Hellas eller Italia. Når dette likevel er tilfelle, er ei viktig forklaring at nordmenn er eit friluftsfolk, skriv Nygaard på nettstaden spelhandboka.no.

Maridalsspillet handlar om då svartedauden kom til Oslo og vert spelt i kyrkjeruinane i Maridalen. Foto: Berit Keilen / NTB scanpix / NPK

– Er det noko vi kan, så er det å møte opp og lage folkefest i all slags vêr både sommar og vinter. Hos få andre folk inngår naturen på same måte som i Noreg i felles identitet og forståing. Naturen blir handlingsstaden som felles mytar og historiske minne kan knytast til, seier Jon Nygaard.

Foss i fritt fall
Det tiltrekkjande ved mange spel blir nettopp derfor spelstaden, trur teaterprofessoren. Kinnaspelet i Sunnfjord er det mest tydelege dømet på spelestad med attraksjon, meiner han. Naturen som attraksjon er også det dominerande elementet i Marispelet i Telemark når Rjukanfossen vert sleppt i gammal velde på slutten av stykket.

Både for Kinnaspelet og Marispelet er også reisa med båt og buss og den siste vandringa til spelstaden ein viktig del av førebuinga til framsyninga for publikum.

Amatørar og profesjonelle skodespelarar i livleg samspel i Mostraspelet, som vart spelt i Moster Amfi på Bømlo siste helga i mai. Foto: Magne Langåker

Faktaboks

Historiske spel i Noreg:

* Mostraspelet (I slik ei natt) 27.-29. mai

* Lady Arbuthnot (Frua frå Elverhøy) i Sunndal i Møre og Romsdal 16.– 25. juni.

* Skinner til frihet i Sørum i Akershus 16.– 19. juni.

* Kinnaspelet (Songen ved det store djup) i Flora i Sogn og Fjordane 18.– 19. juni.

* Nesjarspelet i Larvik i Vestfold 23.– 26. juni.

* Soot-spelet i Marker i Østfold 24. juni- 3. juli.

* Kristinspelet (Kristin Lavransdatter) i Sel i Oppland 28. juni-2. juli.

* Oda fra havet på Frøya i Sør-Trøndelag 1.– 3. juli.

* Herøyspelet (Kongens ring) i Herøy i Møre og Romsdal 2.– 3. juli.

* 12 lod sølv i Midtre Gauldal i Sør-Trøndelag 2.– 3. juli.

* Spillet om innvandrerne i Grue i Hedmark 8.– 10. juli.

* Gurispelet (Fru Guri av Edøy) på Smøla i Møre og Romsdal 14.– 17. juli.

* Stiklestadspelet (Spelet om Heilag Olav) i Verdal i Nord-Trøndelag 27.– 31. juli.

* Elden på Røros i Sør-Trøndelag 27. juli-6. august.

* Marispelet ved Rjukanfossen i Tinn i Telemark 28.– 31. juli.

* Tylldalspelet (Dei urolege av hjarte) på Tynset i Hedmark 29.– 31. juli.

* Kaptein Knurr og mareminemysteriet i Bergen i Hordaland 28. juli – 13. august.

* Querini (opera) på Røst i Nordland 5.– 7. august.

* Peer Gynt ved Gålåvatn i Oppland 5.– 14. august.

* Strandaspelet («JO – Pytten i Guddal) i Sokndal i Rogaland 11.– 20. august.

* Maridalsspillet i Oslo 16.– 20. august.

* Tomb-spelet i Råde i Østfold 27. august.

(Kjelde: Spelhandboka/ Norsk spelkalender) (©NPK)