Historia om Hellbillies

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Hallingdølen.

– Denne jobben er noko av det finaste eg har gjort som fotograf, seier Trygve Indrelid.

Jubileumssatsing
Frilansfotografen, som tidlegare jobba i Aftenposten, hadde hatt ideen lenge. Så vart han kontakta av Hellbillies om å ta eit nytt promobilete av bandet. «Me skal ikkje lage ei bok no når de snart har spelt saman i 25 år?» spurte Indrelid. «Jau, jo, det kunne vore fint det», svara sindige hallingar.

– Ein redaktør i Cappelen meinte det var interessant, og i mai i fjor var eg i gong, seier Indrelid.

Fotografen fekk raskt med ein skrivande på laget. Cecilie Asker er kommentator og kritikar i Aftenposten og nølte ikkje då tilbodet kom. Ho vart med på turné.

QUIZ: Kor god er du i halling?

Gir av seg sjølv
– Hellbillies har ein flat struktur, og me vart tekne veldig godt imot. På eit tidspunkt føltest det nesten som å vere ein del av bandet. Me fekk vere med på alt og fekk på den måten sett bandet veldig tydeleg frå innsida, seier Asker.

Ho fortel at det kjem fram ting i boka som ikkje har blitt fortalt i det offentlege før.

– Dei opnar litt opp og fortel om korleis deira eigne kjensler har påverka bandet. Mellom anna fortel Aslag (Haugen) ganske ope om litt vanskelege periodar der han opplevde prestasjonspress. Dei har skjønt at dei må legge igjen noko av seg sjølv i boka, seier ho.


Hellbillies har spelt saman i 25 år. Det er tid nok til at ein del historier blir til. No er mange av dei samla i bokform. (Foto: Trygve Indrelid)

Tok bilete av alt
Rause, runde i kantane – og kompromisslause når det kjem til musikken. Slik beskriv Asker Hellbillies når bokprosjektet no er i hamn.

– Ein av hemmelegheitene til suksessen deira er at dei har stor respekt for kvarandre og gir kvarandre stort rom når dei er på tur. Dei er òg så imponerande jordnære at det er sjeldan vare, seier ho.

– Det er fantastisk å sjå kor høge krav dei stiller til seg sjølv. Det er difor dei er så gode, seier Indrelid.

Han fortel at den største utfordringa som fotograf har vore å gli inn som eit crewmedlem.

– Det har vore viktig å bli akseptert og ikkje vere i vegen. Du må jobbe i det stille og kjenne di besøkelsestid. Men som eg sa til dei før me begynte: Når eg følgjer dei for å lage ein dokumentar tek eg bilete av alt, seier Indrelid.

LES OGSÅ: Hellbillies viser spennet – og saknet

Lokalt møte
Torsdag kom «Hellbillies 25» ut i bokform. Det har blitt ei omfattande reportasjebok i 18 kapittel med eit stort antal bilete. Eitt bilete skil seg ut for Indrelid.

– Eit publikumsbilete frå ferieparken i Ål er utruleg fascinerande. Det må vere eitt av fotohøgdepunkta i boka. Gleda skin i kvart enkelt andlet når dei høyrer musikken, og du skjønar at det må vere vanvitig stort for Hellbillies-gutane som står på scena og leverer og har så mykje nøgd publikum, seier fotografen.

Les heile saka i Hallingdølen!