Highasakite slår sprekker

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Fjuken.no.

Fleire medlemar i Highasakite er på veg ut av bandet. Det er VG som skriv dette.

To av medlemmane i bandet er Øystein Skar frå Vinstra og Trond Bersu frå Skjåk.

– Det kjem til å skje forandringar om eit år eller noko slikt, kanskje rundt juletider, men ingenting akkurat nå. Alle blir i bandet inntil vidare, seier trommeslager Trond Bersu til VG.

Bersu vil ikkje prate om kva forandringar det blir i bandet, men viser til manager Glenn Larsen. Manageren vil ikkje kommentere saka til VG.

Fredag føre veka kom Highasakite med singelen «5 Million Miles». Låta er eit samarbeid med Stargate, og er miksa av Grammy-vinnar Miles Walker.

Vokalist Ingrid Helene Håvik er det einaste Higasakite-medlemmet som har noko med denne singelen å gjere.

På bandet si fyrste plate skreiv Håvik alle låtane saman med trommeslagar Trond Bersu.

Det komande halvåret er det sett opp 13 konsertar med Highasakite i Noreg, som blir avslutta i Dødens Dal under UKA i Trondheim 12. oktober.