Her svingar statsråden kniven

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landbruksministeren parterte dyr

Saka var først publisert i Hallingdølen.

Torsdag var landbruksministeren og ein delegasjon frå Landbruksdepartementet på bedriftsbesøk i Buskerud.

Dei starta dagen hjå mjølkebøndene Emil og Gunnar Moen i Lier som er inne i eit generasjonsskifte. Så reiste dei til Gol og fekk orientering og omvisning ved Nortura sitt anlegg der.

Dei avslutta dagen med eit besøk i jakt- og fiskesenteret i Flå.

LES OGSÅ: Jon Georg Dale: Frå skulelei til statsråd

Viste gamle kunster
Under rundturen i slakteriet på Gol vart den nye landbruksministeren, Jon Georg Dale, utstyrt med parteringskniv.

Han har fleire års erfaring som kjøtskjerar i eit slakteri i Ålesund før han vart politikar på heiltid. No måtte han vise at han ikkje har gløymt gamle kunster.

– Eg håpar ikkje dei gir meg for vanskeleg oppdrag, sa Dale før han gjekk inn i skjereavdelinga.

Han overtok som statsråd etter partikollega Sylvi Listhaug då statsminister Erna Solberg skifta regjeringsmannskap i desember.

LES OGSÅ: Blir yngste mannlege statsråd nokongong

– Sabla artig å prøve
Oppdraget var å partere ein halv storfeskrott. Det var ei utfordring landbruksministeren beherska godt.

– Du kan koma tilbake som sesongarbeidar til hausten, sa fabrikksjef Ingrid Hillestad Medhus før han var halvferdig med jobben.

Etter eit kvarter var kuskrotten oppdelt. Delegasjonen følgde kjøtskjeraren med kritiske blikk og var mektig imponert over sjefen sin. Statsråden fekk applaus for open scene då han la frå seg kniven og gjekk ned frå skjerebenken.

– Eg veit korleis eg skal bruke kniven, men det er lenge sidan sist. Det var sabla artig å prøve att, sa Dale før rundturen held fram i Nortura-bygget på Gol.