Her feirar russen hardast

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Antibiotikabruken blant 19-åringar på Sør-Austlandet var dobbelt så stort i mai i fjor, samanlikna med april og juni. Det melder Aftenposten.

Akerhus er det fylket der antibiotikabruken var høgast. I dei andre landsdelane var det òg ein stor oppgang i antibiotikabruk, men likevel eit godt stykke frå Oslo og Akershus. På Vestlandet var det vel seks prosent av 19-åringane som brukte antibiotika, medan talet var vel fire prosent i Nord-Noreg.

Frå er det kjent at bruken av ecstasy i Oslo er ti gonger så høgt i russetida som elles i året.

Ved Valler vidaregåande i Bærum var ein av ti russ så sjuke i fjor at dei ikkje fekk tatt avgangseksamen. No har skulen sett i verk fleire tiltak for å redusera fråveret. Politi og helseøster har deltatt i foreldremøte.

– Jobben min som rektor er å orientera elevane om konsekvensane av vala dei tar under russetida. Våre 160 avgangselevar skal gjennom tre skriftelege og éin munnleg eksamen. Det er viktig at me er til stades og avgrensar russetida, sjølv om me ønskjer at elevane skal ha ei fin feiring som skaper gode minner, seier rektor ved skulen Berit Hetland til Aftenposten.

LES OGSÅ: Kjøp russebuss utan bondeanger

Kunnskapsdepartementet har lenge vurdert om eksamen skal flyttast til før russefeiringa, men har enno ikkje bestemt seg.

Kva meiner du? Bør russefeiringa flyttast til før russefeiringa?

Faktaboks

Risikoen for å utvikla meningokokksjukdom (smittsam hjernehinnebetennelse) kan blant anna reduserast ved å følgja desse råda:

– Ta deg tid til å sove ut. Kroppen treng å få kvila, det styrkar motstandskrafta.
– Ikkje rop og skrik så mykje at du blir hes og halsen sår. Dette gjer slimhinnene meir mottakeleg for infeksjonar.
– Unngå å drikka av same flaske/boks/glass som andre.
– Kyss berre kjærasten din.
– Ikkje del sigarett med andre.
– Unngå for mykje alkohol. Når du er full vil dømmekrafta di reduserast, og symptom på meningokokksykdom kan forvekslast med teikn på for mykje alkohol.
– Skaff lege dersom du trur vennene dine kan vera sjuke. Ta ansvar for kvarandre dersom nokon er sjuke og har feber.

Kjelde: Folkehelseinstituttet