Her er kjendisane sine krim-favorittar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er krim-favorittane

Ein kjem ikkje unna krim i påsken. Om Hercule Poirot nappar forsiktig i barten medan han på ein briljant måte peikar ut kven i rommet som faktisk er mordaren, eller om Harry Hole etterforskar brutale mord i Jo Nesbø-bøkene, har mord og mysteria rundt dei blitt ein sentral del av påsken.

Det er vanskeleg å peika på kvifor samanhengen mellom påske og krim er så naturleg her i Noreg – for det er ein særnorsk tradisjon.

Ifølgja Adressa kan koplinga sporast til 1923 – då «Bergenstoget plyndret i natt» av Nordahl Grieg og Nils Lie gjorde det godt og planta idéen om påskekrim hos nordmenn.

Årsaka til at akkurat denne boka gjorde det så godt den gong, var at Gyldendal sette inn ei annonse i Aftenposten med tittelen på boka – noko som fekk mange av lesarane til å tru at historia var sann.

Sidan den gong har krim blitt meir og meir etablert i påsken – me har spurt ulike norske profilar om deira forhold til krim, og prøvd å finna fram til dei beste krimtipsa denne påsken.

LES OGSÅ: Ny vår for nynorsk krim

Asbjørn Slettemark – krimbloggar for OP-5 og skribent i Aftenposten
Slettemark snakkar entusiastisk om mykje – om det er musikk, TV-seriar, dyre klokker eller kanskje aller mest krim. Det aller første spørsmålet han får blir derfor nesten overflødig.

Les du krim?

– Åja!

Kva krim skal du lesa i påsken?

– Så langt har eg ikkje planlagt enno, men det er mogleg eg kastar meg over katalogen til Dennis Lehane og les dei bøkene eg ikkje har vore gjennom enno. Det er òg ei bok eller to av George Pelecano som må til pers.

Kva er ditt beste krimtips?

– Paul Hawkins med «The Girl On The Train» er artig, spanande og litt annleis. Den handlar om ei forfylla engelsk dame som ser rare ting frå vindauget på pendlartoget. Om ein treng noko skikkeleg lettbeint og underhaldande er Lars Lenth sin «Brødrene Vega» rasande festleg krim om vonde lakseoppdrettarar i Nord-Noreg på naive miljøterroristar frå Bærum.

Daniel Kvammen – platedebutant og halling
Den unge hallingen har fått gode kritikkar kasta etter seg for debutalbumet «Fremad i alle retninga», og okkuperer store deler av sendetida på NRK P3 med «Du fortenar ein som meg». Når påsken kjem, er det ikkje krim som er det viktigaste.

Les du krim? Kva krim skal du lesa i påsken?

– Eg er nok ikkje nokon stor krimfantast, men eg har lenge hatt store planar om å få lest «The Big Sleep» av Raymond Chandler, då den skal vera ein milepæl i verdslitteraturen.

Kva er ditt beste krimtips?

– Å ikkje gå seg heilt bort i for mykje spenningslitteratur.

LES OGSÅ: Rune Timberlid med krim frå Sognefjorden

Ragnhild Kolden – den eine halvdelen av krimduoen Kroken & Kolden
Forfattarduoen er aktuelle med «Død manns kiste» – eit av relativt få bidrag på nynorsk i den norske krim-faunaen.

Les du krim? Kva er ditt beste krimtips?

– Eg bruker ein del av ferien på krimlesing, og i år vil eg anbefala «Sannheten og andre løgner» av Sascha Arango, og «Satans mor» av Rune Timberlid (eit anna krimbidrag på nynorsk, red.anm) til dei som enno lurer på kva dei skal lesa. I tillegg anbefalar eg sjølvsagt «Død manns kiste» av Kroken & Kolden.

– Ein kan vera enno meir makaber på nynorsk enn bokmål, men me er meir oppteken av spenning og uhygge, enn blodsprut, forklarar dei to forfattarane som no er aktuelle med «Død manns kiste». Foto: Andrea Nøttveit

Vigdis Kroken – den andre halvdelen av tidlegare nemnte krimduo
Vigdis Kroken kjem, til likskap med makkeren Ragnhild Kolden, frå Lom. I tillegg til å vera forfattar er ho journalist, og har ein påskeferie som er litt mindre dominert av krim.

Les du krim?

– Ja, eg les krim, men ikkje så mykje. Eg likar best å lesa biografiar, av ein eller anna merkeleg grunn. Men Påske og krim høyrer saman, så derfor er det krimbøker som står for tur no!

Kva er ditt beste krimtips?

– «Venuspassasjen» av Merete Junker, «Jenta som sluttet å snakke» av Trude Teige og «Den mørke porten» av Lars Mæhle.

LES OGSÅ: Stuttreiste mord frå Lom

Ronny Brede Aase – programleiar i P3Morgen
P3-programleiaren reiser til Spania i påskeferien og tek med ei bok til stranda – men har aldri heilt fått grepet på krimsjangeren.

Les du krim? Kva skal du lesa i påsken?

– Eg skal lesa ei bok, men det blir ikkje krim. Eg har opptil fleire bøker liggande heime, så eg må ta eit raid for å bestemma meg.

– Eg blir vanlegvis ikkje fanga av dei typiske historiene som skal finna ut kven som er mordaren. Eg har nok ikkje lest det beste som er innan krim-sjangeren, men eg trur ikkje hjernen min er skapt for standar krimoppbygging.

Helge Torvund – poet
Poeten frå Jæren held seg unna kriminelle element i påskeferien.

Les du krim?

– Nei, eg les ikkje krim. Eg mista det kriminelle alfabetet som ung mann, og har ikkje vore kar om å spora det opp att.

Kva er ditt beste krimtips?

– Å reisa til Krimhalvøya

Heidi Furre – fotograf, bloggar og forfattar
Furre skal halda seg i eit tomt Oslo denne påsken, og ha ferie heime hos seg sjølv.

Les du krim? Kva krim skal du lesa i påsken?

– Veldig sjeldan. Eg las Jo Nesbø sin «Snømannen» for rundt fem år sidan. Eg likte godt å lesa noko med den typen driv, at ein blar om side etter side og håpar å finna ut kven som er mordaren. Det er ikkje så mange mord i bøkene eg les elles, men kanskje eg prøver meg på Donna Tartt sin «The Secret History» i påsken. Der veit eg at det er eit mord.

Kva er ditt beste krimtips?

– Eg kan telja på ei hand kor mange krimbøker eg har lese. Eg har likt det kvar gong, men eg har ikkje oppsøkt sjangeren noko særleg. Eg har stort sett lest krimbøker eg har fått eller funne. Kanskje krimtipset mitt er å lata det gå litt tid mellom kvar krimbok, slik at det blir ekstra spanande når ein først skal lesa ei?

LES OGSÅ: Riverton-pris nummer to til Karin Fossum