Her droppar få elevar ut

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei tre elevane stadfestar statistikken til rektor Marta Sofie Vange ved Sogndal vidaregåande skule. Fråfallet frå yrkesfag i Sogndal er utruleg liten.

Imponerande tal

– Me visste at elevane våre satsar på fagbrev. Me kontakta kvar einaste elev som har gått ut i lære, og resultatet er kanskje betre enn me hadde våga å tru. Tala er kjempegode, seier Marta Sofie Vange, rektor ved den største vidaregåande skulen i landet.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) var 5. november i Sogndal. På eit møte sa Halvorsen at for mange av dei yrkesfaglege elevane ikkje fullfører, og fråfallet er skræmande høgt.

– Eg viste tal til Halvorsen ikkje samsvara med tala for skulen vår. Eg prøvde òg å seia det til henne, men fekk ingen respons. Difor kontakta me kvar elev ute i lære etter Vg2/Vg3 ved Bygg- og anlegg (BAT), elektro og teknisk og industriteknologi (TIP).

Prøver seg

I haust er 76 elevar i bygg og anleggsteknikk utplassert. Siste del av skuleåret skal 84 elevar ut. Elevane er ute ein dag i veka og arbeider på ein arbeidsplass.

– All honnør til næringslivet i heile regionen og i fylket elles som tek inn lærlingar. Elevane våre hadde ikkje denne sjansen før, og det er eitt av goda med Kunnskapsløftet. Elevane får her eit godt grunnlag til å testa seg sjølve og prøva ut faget sitt. Det gjev elevane òg eit godt grunnlag til å visa seg fram, og er ein framifrå sjanse til å sikra seg lærlingplass, seier Henry Helle, avdelingsleiar ved yrkesfag i Sogndal.

LES SAKA I SOGN AVIS!