Her debuterer Sigurd (13) med siger

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 00:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

13-åringen vann

Saka vart først publisert i Møre-Nytt

Sigurd Tjalveson Sørheim (13) vart kasta inn til ulvane i eliteseriekampen mellom Volda og Ørsta Bordtennisklubb og Fokus (Oslo) laurdag ettermiddag. Det gjorde han med bravur, og medverka til siger i den viktige kampen.

– Han spelte som forventa, og det vil seie godt, seier trenar Tor Hallaråker.

LES OGSÅ: Avsluttar sesongen på heimebane

Kalde føter
Men sjølv om han venta at Sigurd ville hevde seg, hadde han sjølv likevel litt kalde føter.

– Eg hadde venta at vi hadde ei leiing mot Fokus, men så var stillinga 2-2 etter dei fire fyrste singelkampane. Difor var det viktig at Sigurd spelte det han er god for, og det gjorde han. Dermed fekk vi leiinga 4-2 etter dei to kampane i dobbel, fortel Hallaråker.

Til slutt vann Volda og Ørsta lagkampen med 6-2. Og Sigurd var så visst ikkje nokon kasteball i kampen. Saman med Ferenc Horvath (31) tok dei fyrste settet. Det andre settet enda med siger til Fokus. Volda og Ørsta vann det tredje settet. I fjerde sett var det svært jamt, men Fokus vann 11-10. Då var det klart for eit avgjerande femte sett. Det tok Ferenc og Sigurd greitt, og dermed vart det 3-2-siger.

LES OGSÅ: Kim skal spela fotball med Valencia

Vinnar
Sigurd hadde avgjerande vinnarballar, og imponerte dei nær 40 tilskodarane i gymnastikksalen på Sæbø. Etter kampen var Sigurd forbausande roleg.

– Eg er godt nøgd med eige spel, og glad for sigeren. Eg fekk vite at eg skulle spele om lag tjue minutt før kampen. Nervøs var eg ikkje, fortel han.

LES OGSÅ: Ekte lidenskap har ingen alder

Sigurd desidert yngst
Volda og Ørsta har ei tropp på fem spelarar i eliteseriekampane på Sæbø. Det er fire garva bordtennisspelarar i god europeisk klasse som spelar singelkampane. Det er spelarar frå utlandet, slik det er vanleg på dei fleste eliteserielaga. Femtemann på laget er altså trettenåringen Sigurd frå Ørsta, og han er glad for at han fekk speletid i turneringa.

– Målet no er å få fleire kampar. Eg trenar sju gonger i veka, og kanskje ein til to gonger mot elitespelarane i klubben, fortel Sigurd.

LES OGSÅ: Eit tap skal vi takle

Håper på gutelandslaget
Trenar og lagleiar Tor Hallaråker håper Sigurd vil satse vidare på bordtennis.

– Han må nok opp med treningsmengda dei komande åra. Han er blant dei beste trettenåringane i landet, og vart nyleg nummer tre i ein noregscup for trettenåringar. Han aspirerer til å kome på gutelandslaget, fortel Hallaråker.

Volda og Ørsta bordtennisklubb har hatt ein god fyrste dag på Sæbø. Det vart uavgjort 5-5 mot Laksevåg, som er rekna å vere det beste laget i eliteserien, og det vart altså siger 6-2 mot Fokus.

Søndag vart eliteturneringa avslutta med kamp mot B72 frå Lørenskog.

LES OGSÅ: Thea (14) spelar fotball med gutane