Her bruker russen mest pengar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av fire avgangselevar feirar russetida i Oslo, men det varierer stort kor mykje elevane ved kvar skule har planlagt å bruka på russetida, ifølgje Forskning.no.

27 prosent seier at dei vil bruka minst 20 000 kroner på festing og feiring vekene rundt eksamen.

Blant elevar som går på studieførebuande og veks opp i familiar med god råd vil 90 prosent vera russ. Blant dei som har dårlegare råd er det 56 prosent som vil vera med på feiringa.

På Katta er det berre tre prosent som seier dei vil bruka mykje pengar på russefeiringa, medan heile 68 prosent av avgangselevane ved Oslo Handelsgymnasium reknar med å bruka minst 20 000 kroner på russefeiringa.

– Russefeiringa for dei skuleflinke kan kanskje forståast som eit politisk statement. Dei vil vera russ, men dei vil ikkje bruka pengar på det. Dei vert heller vera «rusleruss» framfor å bruka pengar på russebussar, seier Patrick Lie Andersen, forskar ved NOVA, til Forskning.no.

LES OGSÅ: Sparkar mot kommersiell russetid