Her blir det lovleg å gå åleine til skulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No slepp foreldre å bli arrestert for dette

President Obama underteikna lova som no gjer det mogleg for foreldre å la ungane sine gå til skulen åleine, ifølgje Treehugger.com. Berre 13 prosent av borna i USA går til skulen i dag, medan resten tar skulebuss eller blir køyrt av foreldra.

Fleire foreldre har blitt arrestert etter at politiet oppdaga at borna har vore utan oppsyn på leikeplassar eller på veg til skulen. Mellom dei er Maria Hasankolli som risikerer 10 år i fengsel etter at sonen hennar blei stoppa åleine, halvvegs på den tre kilometer lange vegen til skulen, ifølgje New York Post.

Lenore Skenazy i organisasjonen Free Range Kids (Frittgåande born), skreiv på bloggen sin i vår, at «born har rett til å vera utan oppsyn noko tid, og foreldre har rett til å gi dette til borna utan å bli arrestert».