Heltar i realfag gir tips til ministeren

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heltar i realfag gir tips

Realfagsheltar frå heile landet møtte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen måndag. Dei hadde mange innspel til korleis norske elevar kan bli betre i matematikk og naturfag.

– Me går no i gang med å laga ein ny, nasjonal strategi for realfag. Idédugnaden me har hatt i dag markerer starten på dette arbeidet, seier Røe Isaksen i ei pressemelding.

Ideane som kom fram på møtet vil bli tatt med i det vidare arbeidet til regjeringa med ein ny realfagsstrategi. 

– Me har fått mange gode innspel i dag. No må me jobba vidare med å finna ut kva tiltak me kan setja inn for å få fleire norske elevar til å bli interessert i realfag, understrekar kunnskapsministeren.

LES OGSÅ: Vil lage mobilt vitenssenter

Få som skårer høyt
Nesten éin av fire norske elevar har med seg så dårlege matematikkunnskapar frå ungdomsskulen, at dei kan få problem med å fullføra vidaregående skule og å greia seg i arbeidslivet. 

Noreg har ikkje berre mange elevar på lågt nivå i matematikk, men også svært få som skårar høgt. Berre éin av ti norske elevar presterer på høgt nivå i matematikk. 

– Me står overfor store og viktige oppgåver. Korleis kan me for eksempel få fleire jenter til å få trua på at dei kan velja ei realfagleg utdanning?  Og korleis kan me avmystifisera realfaga, og særleg matematikken? Er det sånn at du må ha ein ”mattehjerne” for å bli god i matematikk? spør Røe Isaksen.

LES OGSÅ: Naturfag på ein ny måte

Gode ambassadører for realfag
Realfagsheltane som blei invitert til idédugnaden, blei vald ut fordi dei har utmerka seg som gode ambassadørar for realfag, anten dei er framståande forskarar, dyktige matematikklærarar eller viktige formidlarar av naturfag på TV.  

– Dei sit inne med verdifull kompetanse som me treng meir av i Noreg. Me treng realfagskompetanse for å utvikla ny teknologi, og for å sikra velferda vår i framtida, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.