Held fast på språkkrava til NRK

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette går fram av den nye stortingsmeldinga «Open og opplyst» om allmennkringkasting og mediemangfald, som vart lagt fram fredag.

– Departementet vil understreka at NRK har eit viktig ansvar for å formidla nynorsk og meiner at språkpolitiske omsyn klart talar for at nynorskkravet på 25 prosent bør førast vidare. Departementetføreset at NRK arbeider med å styrkja nynorskdelen på radio, TV og Internett, heiter det i stortingsmeldinga.

Departementet meiner også at NRK har eit viktig ansvar for å tilby samisk innhald. Departementet har inntrykk av at NRK-tilbodet på samisk i dag er prega av at selskapet stadig utviklar tilbod for heile den samiske befolkninga. Ein forventar at NRK vil halda fram denne utviklinga og tilby innhald på alle dei tre samiske språka.

Endra krav til innhald
I stortingsmeldinga varslar Regjeringa at krava til norsk musikk på P1, P2 og P3 skal aukast frå 35 til 40 prosent. Eksterne produksjonar skal òg aukast til 40 prosent.

– Å nytta uavhengige produsentar land og strand rundt, er viktig for å stimulera mangfaldet og sikra nyskaping og verdiskaping, seier kulturministeren, som òg legg vekt på NRK sitt ansvar som kulturberar.

– Med si rekkevidde og sentrale rolle i folk sin mediekvardag, har NRK som offentleg finansiert allmennkringkastar eit særskilt ansvar for å fremje norsk musikk, og eit tilbod som går ut over det marknaden tilbyr, seier kulturminister Thorhild Widvey (H) i ei pressemelding.

NRK skal vidare tilby eit breitt innhald for barn og ungdom, sende religiøse program og spegle mangfaldet av livssyn og religion i Noreg. NRK skal òg fremje norsk kunst og kulturarv, reflektere det geografiske mangfaldet i distrikta, og ha eit godt regionalt og lokalt nærvær.