Hauge-film i Aasen-tunet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Møre-Nytt

Ivar Aasen-tunet markerer opninga av systerinstitusjonen Olav H. Hauge-senteret i Ulvik torsdag ved å vise to filmar om Hauges liv og verk. Filmane blir viste i salen torsdag kveld.

Dokumentarfilmen Den andre mannen, regissert av Vigdis Nielsen i 2008, gir eit unikt portrett av diktaren Olav H. Hauge.

LES OGSÅ: Mange bilete, inga sanning

Sleit psykisk
Sjølv om mange kjenner dikta til Hauge, er det nok færre som kjenner livet til Hauge, som i store periodar sleit med psykisk sjukdom. Det er mellom anna dette filmen gir eit innblikk i, gjennom intervju med Jon Fosse, Erling Lægreid og Einar Økland.

Filmen fortel også om då diktaren og fruktdyrkaren frå Ulvik, som levde åleine mest heile livet, fann kjærleiken. Ei fem år lang brevveksling med kunstnaren Bodil Cappelen enda til slutt med at Cappelen flytta til Ulvik og gifta seg med Hauge. Cappelen kjem også til orde i filmen.

LES OGSÅ: Hauge-senteret er berga

Bli kjend med ulike sider av Hauge
I tillegg blir filmen Grønt ved fjorden vist, som er ein presentasjon av Olav H. Hauge laga for Den Norske Bokklubben i 1974. Den blei spela inn i juni det året og inneheld forutan Hauge som les dikt, ei rekkje eksteriørbilete frå Ulvik og området rundt. Filmen er redigert av Erik Solbakken.

Nynorsk kultursentrum tok over Hauge-senteret i 2011, som har vore ope for publikum med mindre utstillingar og kulturarrangement sidan. I den nye basisutstillinga vil publikum bli kjende med ulike sider av Olav H. Hauge og få fleire inngangar til det lyriske universet hans.

 Hauge-senteret er finansiert av 12 ulike instansar i eit spleiselag mellom offentlege instansar og private aktørar.

LES OGSÅ: – Ivar Aasen blei kjend for planane sine

Opnar torsdag i Ulvik
Olav H. Hauge-senteret i Ulvik opnar dørene offisielt torsdag 4. september med ei heilt ny utstilling om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser.

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum er nøgd med at lovnadene er innfridde og at arbeidet som er lagt ned har vore innanfor vedtekne budsjett og tidsrammer.

– Hauge-senteret er den billegaste nasjonale nasjonale kulturinstitusjonen som er opna på lang tid, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

LES OGSÅ: Oslo Arbeiderparti og det pubertale nynorskhatet