Hareide åtvarar statsministeren mot å ta KrF for gitt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot å ta KrF for gitt

KrF-leiar Knut Arild Hareide er glasklar: Partiet står saman med Venstre og har ikkje diskutert kva som skal skje dersom budsjettsamtalene bryt saman.

Han gjev dermed uttrykk for at regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet ikkje kan rekne med at KrF til sjuande og sist vil stemme saman med dei for å unngå full krise 5. desember.

– Vi har i vår stortingsgruppe ikkje diskutert kva vi gjer dersom det ikkje er ei semje mellom fire parti. Det må vi sjølvsagt diskutere dersom ein så alvorleg situasjon oppstår, seier Hareide til NTB.

– Vi har berre hatt éin plan. Det er å få til ei semje mellom fire parti. Vi har spelt inn mange ulike forslag og skisser for å få det til. Det meiner vi framleis vi skal jobbe mot. Om så ikkje skjer, må vi gjere ei grundig vurdering, understrekar partileiaren.

Hareide legg til at KrF då truleg ikkje berre vil involvere stortingsgruppa, men også sentralstyret og landsstyret. (©NPK)