Harding-harmoniar heidra på Folkelarm

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heidra på Folkelarm

Gruppa Hekla Stålstrenga vart kåra til Årets folkemusikar for den nordnorske folk-rocken sin.

I alt var over 50 artistar melde på, og det vart kåra vinnarar i fire kategoriar.

Hardingane Knut Hamre, Åse Teigland og Alexander Røynstrand gjekk til topps i solistklassen. Dei har gått saman om albumet Spelarhola, som juryen rosa for flott produksjon og eit godt utval av slåttar.

Meister-klang

I klassen for tradisjonelt samspel var det Honndalsmusikken frå Hornindal som stakk av med sigeren for plata Brylljaupsafta. Honndalsmusikken består av hardingfelespelarane Svein Nesje, Kåre Tvinnereim, Svein Hjellbakk og Knut Jarle Kroken, som ifølgje juryen speler i fleirstemt klang på meisterleg vis.

Eli Storbekken og Hans Hinrich Thedens i Norsk folkemusikksamling vann kategorien dokumentasjon for albumet Rosekolla. Plata inneheld vokal folkemusikk knytt til seterlivet. Ein får høyra døme på både lokk laling, kringelhauk, halling, reglar og gjetarviser, og juryen ser utgjevinga som svært viktig for dokumentasjon av norsk folkemusikk.

Modig vinnar

Flest nominerte var det i open klasse. Denne kategorien var det Susanne Lundeng som vann for plata «Et steg ut». Juryen omtalte musikken til Lundeng som «nyskapande musikk tufta på solide tradisjonar» og meiner ho over tid har utvikla eit originalt og modig spel både som solist og i samspel med dei andre musikarane. (©NPK)