Hard kamp om husrom for studentane

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Finn.no er det no nesten 1000 annonser for folk som ønskjer å leiga ein stad å bu. På hybel.no er det nesten 1600 berre i dei tre største byane.

– Eg liker området her jælma godt, seier Astrid Garmo på veg inn til visning på ei leilegheit ved Alexander Kiellands plass i Oslo, den fjerde for dagen.

Astrid er ein av mange nye studentar som nett no prøver å skaffa seg eit krypinn før studiestart i august. Med faren Svein som sjåfør køyrte ho frå Lom klokka seks om morgonen for å rekkja flest mogleg visningar i hovudstaden før dei må køyra same vegen attende.

Dyrt å bu
19-åringen er nett ferdig med musikklina ved Vinstra vidaregåande skule, og skal straks byrja å studera utøvande musikk ved Noregs musikkhøgskule (NMH). Astrid speler hardingfele, men når ho først flyttar til storbyen, vil ho bu mest mogleg urbant. Det kostar.

– Det er vanskeleg å få mykje for lite på større stader. Du må fort opp i 6000 kroner for å få noko som er passe sentralt, der du ikkje må dela bad med åtte andre og ikkje er heilt avhengig av kollektivtransport, seier Astrid.

6000 kroner er veldig mykje på eit studentbudsjett. Korleis får du råd til det?

– Eg brukar heile sommaren på å jobba, seier Astrid, som har sommarjobb ved turistinformasjonen i Lom.

– Og får litt støtte frå heime, skyt faren Svein inn frå sida.

LES OGSÅ: Slik får du tak i hybel

Må vera tidleg ute
Astrid fortel at ho også har søkt studentbustad gjennom Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO), men garderer seg med å leita på den private leigemarknaden også.

Kva gjer du for å få napp når du er på visning?

– Ein må jo visa at ein er utovervend, at ein synest det er greitt å bli kjent med folk. Og så må du vera tidleg ute. Ikkje at eg er tidleg ute, då, seier Astrid.

Ho har sett på Internett lenge, men ikkje rokke å dra på visningar før no.

– Du skal liksom ha tid til å reisa til Oslo ein dag, og så må du klara få inn ein del visningar same dagen.

LES OGSÅ: Når gode råd er billegge

Deltidsjobbing på kostnad av studietid
For nye studentar som kjem utanbys frå, som manglar nettverk i studiebyen og ikkje har høve til å dra på visningar heile sommaren, er studentsamskipnaden sine studentbustader eit godt alternativ til privat bustadjakt. Men ferske tal som Norsk studentorganisasjon (NSO) har samla inn viser at det berre blir vanskelegare å få studentbustad mange stader i landet.

Studentbustadundersøkinga  2016 (PDF) viser at bygginga av studentbustader berre så vidt held følgje med auken i studentmassen: Sjølv om talet på studentbustader har gått opp med rundt 1800 sidan i fjor, er dekningsgraden – altså talet på studentbustader per student – om lag den same, litt under 15 prosent. Fem av seks studentar må difor finna stad å bu på den private marknaden eller hos familie.

I alle dei store byane går dekningsgraden for studentbustader ned. I Oslo er det berre studentbustad til 12,77 prosent av studentane. Det slår likevel Bergen, med ein dekningsgrad på 12,34 prosent. Nasjonalt manglar nesten 14.000 bustader for å NSO sitt mål om ein dekningsgrad på 20 prosent.

– Jo færre som har tilgang på studentbustad, dess større blir presset på den private leigemarknaden. Me er redd endå fleire studentar må velja deltidsjobbing på kostnad av studietid for å få endane til å møtast, seier NSO-leiar Marianne K. Andenæs (bildet) i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Ti tips til ein super studiestart

Kraftig auke
Etter at studentbustadundersøkinga blei lansert i går, har politikarane krangla om kven som vil gjera mest for å få studentane i hus. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier til VG at regjeringa byggjer rekordmange studentbustader.

– Det er dei store byane som får mest, og dei har store prosjekt på gang. Snittet ved førre regjering var 1000 studentbustader i året, no byggjer me 2200. Det er ein kraftig auke, og ei satsing der denne regjeringa har gjort meir enn nokon regjering før, seier Isaksen til VG.

Stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg frå Arbeidarpartiet er likevel skuffa over at regjeringa ikkje innfrir målet om 3000 nye studentbustader årleg.

– Behovet for studentbustader har vakse ekstra mykje i det siste, med ein veldig vekst i talet på studentar og eit stadig tøffare bustadmarknad, seier Solberg til NTB.

LES OGSÅ: Ulik studiekvardag mellom bygd og by