Har fått prestisjeoppdrag i Bergen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomar frå Radøy spelar ein svært sentral rolle under årets barne- og ungdomskonferanse.

Det er Barne-, ungdom- og familiedirektoratet som står bak den årlege konferansen, som i år er lagt til Bergen 2.-3. november.

Viktige tema
Radøy kommune vart i 2014 kåra til årets barne og ungdomskommune i Noreg. Det er bakgrunnen for at Radøy kommune er medarrangør av årets barne og ungdomskonferanse. Tema for konferansen er utanforskap, livsmeistring og deltaking, og passar både for ungdom og for vaksne.

– Konferansen har eit svært spennande program med viktige tema for barn og unge, seier ungdomskoordinator Katarina Birkeland i Radøy kommune. Konferansen samla fleire hundre frå heile landet, og Birkeland fortel at det enno er tid for å melda seg på.

Pregar konferansen
På konferansen deltek mellom andre forfattar Tore Renberg, poet og ungdomspolitikar Yahya Hassan, forfattar Linnèa Myhre og forfattar Samuel Massie. Ungdomar frå Radøy kjem i høgste grad til å setja sitt preg på konferansen. Tolv unge arrangørar i alderen 15-18 år skal vera med å styra konferansen saman med ungdomskoordinator Katarina Birkeland, kulturrådgjevar Bente Hervik og representantar for direktoratet.

LES OGSÅ: Peptalk med helsetoppar

Eit stort ansvar
Ungdomane skal både stå for registrering, halda talar og seminar, vera konferansierar og stå for det sosiale opplegget om kvelden. Det er også ungdom som skal styra lyd og lys, med Torstein Lunde og Aleksander Hjønnevåg i spissen.

Leiaren i ungdomsrådet, Ingvild Brattetaule skal halda føredrag om ungdomsmiljøet på Radøy, og det vil også bli vist film om ungdomsmiljøet, laga av Remy Stordal.

Daniel Nøttveit og Steffen Vestheim i Radøy ungdomsklubb skal halda seminar med overskrifta «Korleis få ein aktiv ungdomsklubb og halda opp aktiviteten i klubben.»

Ingvild Brattetaule og Ida Thomassen skal ha seminar om «eit aktivt ungdomsråd – og korleis få stemma si høyrt i lokalmiljøet».

LES OGSÅ: Thomas har drøymt om å verta politi sidan han var ein liten gut

Lokale musikalske krefter
Manger skulemusikklag skal gje ei musikalsk opning av konferansen, Oskar Brattetaule skal i aksjon som solist på euphonium, og bandet «5937» skal setja punktum for konferansen.

 Det er klart for to kjekke og lærerike dagar, seier ungdomskoordinator Katarina Birkeland.

Ei klar oppfordring
Radøy-ungdomane oppfordrar andre unge, ungdomsråds- representantar, politikarar og andre som arbeider med born og unge til å melda seg på årets store konferanse for born og unge. Det er mogleg å melda seg på fram til utgangen av oktober.

LES SAKA I NORDHORDLAND!