Håpar på ny regjering

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva har gledd deg mest i 2016?

– At KrF stod så hardt på krava i budsjettet for 2017, og sa tydeleg frå om at utsleppa må ned.

– Kva har skuffa deg mest i 2016?

– At sjølv ikkje KrF prioriterte fleire kvoteflyktningar i det alternative budsjettet sitt. Konfliktnivået stig, og fleire menneske er på flukt. Då må vi sørgja for at vi stiller opp for dei menneska som har det vanskelegast og som ikkje er trygge i nærområda sine.

– Kva er det største ønsket ditt for 2017?

– Ei ny regjering sett saman av KrF, Venstre og Høgre. Ei slik regjering vil føra ein meir økonomisk berekraftig politikk, ein offensiv klimapolitikk, ein meir human asyl og innvandringspolitikk og ein skulepolitikk med elevane i fokus.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– Eg vil rå til alle til å lesa Jens Stoltenberg si bok. Ho er godt skriven, og gjev innblikk i viktige augneblinkar i norsk politisk historie og Jens Stoltenberg sin spennande politiske karriere.