Halvparten må omstilla seg for å klara seg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må omstilla seg for å klara seg

Nesten halvparten av bedriftsleiarane på Vestlandet bur seg på omstillingar dei neste fem åra, viser undersøking.

Den såkalla Vestlandsindeksen, som Sparebanken Vest står bak, viser at 46 prosent av bedriftsleiarane på Vestlandet meiner bedriftene deira må omstilla seg innan fem år for å klara seg, fortel Sogn Avis.

– Noreg og særleg Vestlandet er inne i ei brytingstid, og ved inngangen til 2016 er det mange eksterne krefter i spel som påverkar næringslivet. Konsekvensane av ein kraftig nedgang i oljeprisen er éin dimensjon, men det skjer òg store teknologiske endringar som snur opp ned på tradisjonelle tankesett og verdikjeder, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest.

LES OGSÅ: Slik endrar teknologi jobbkvardagen

Det blir vist til at endringane rammar alle næringar, ikkje berre oljeindustrien. Konserndirektøren i Sparebanken Vest meiner likevel at undersøkinga viser at bedriftene på Vestlandet er innstilte på å tilpassa seg.

Kor sterke forventingane er om å tenkja nytt, varierer likevel frå fylke til fylke. Medan berre fire av ti bedriftsleiarar i Rogaland ventar dei må omstilla seg dei neste fem åra, reknar nesten seks av ti bedriftsleiarar i Møre og Romsdal med at dei må gjera dette.

LES OGSÅ: Risikerer varig arbeidsløyse og fråfall

Fresvik synest dette er overraskande med tanke på den negative trenden med oljeeventyret i Rogaland.

Undersøkinga omfattar også spørsmål om kva bedriftsleiarane trur vil vera dei viktigaste næringane på Vestlandet om tretti år. Her meiner halvparten at dette vil vera havbruk og fiske, medan 33 prosent meiner det vil vera olje, gass og offshore, skriv avisa.

Undersøkinga omfattar til saman 700 bedriftsleiarar i dei fire vestlandsfylka. (©NPK)