Halling på éin-to-tre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Hallingdølen

Hemsedal mållag har valt å satse på dialektleir for ungar. Det fell godt i smak.

– Eg tok til å prate halling etter dialektleiren i fjor, seier Ingrid Kristine Eikre frå Hemsedal.

Tiåringen fortel om foreldre som både var glade og overraska og om alle kommentarane ho har fått frå venner i ettertid.

– Alle syns det er veldig bra og veldig fint at eg pratar halling. Det var ikkje vanskeleg å legge i det heile tatt, fortel ho.

Saman med 13 andre ungar er ho atter ein gong tilbake på stølen i Hemsedal. Leiren er arrangert av Hemsedal Mållag, og Tori Snerte og Margit Fausko pratar ivrig om quiz og hallingord. Ungane er nettopp ferdig med fjøsstellet og er klare for frukost, eller «bisken», som dei rettar på meg. På dialektleir er det berre lov å prate halling. Og praten går. Fleire fortel at dei pratar halling heime, men ikkje på skulen. Dei veit ikkje heilt kvifor, men det er så lett å bli påverka av klassekameratar som pratar bymål, fortel dei.

Test deg sjølv – svallar du halling?

Få pratar halling på skulen
– Då eg begynte i fyrsteklasse tok eg til å slite med hallingen – no pratar eg mest bymål, fortel Hedda Elise Røysi Kaslegard.

– Kva var det som skjedde då? 

– Eg veit ikkje, men det var fleire som prata bymål. Når til og med lærarane ikkje prata halling, var det ingen som retta på meg. Det gleid fortare og fortare vekk og det var liksom ikkje så viktig. No har me også veldig mange elevar frå andre land, blant anna Polen, Irak, Tyskland, Danmark, Sverige, Finland og England – så mykje av undervisninga foregår på bokmål for at dei skal skjøne noko.

LES OGSÅ: Spår meir dialekt i Donald

Tord Torsteindrud trivst på stølen og dialektleir. Han har rekorden i hangups, og synest det er kjekt å lære meir om halling.

Mykje moro
Fleire seier dei synest det er synd at dei har mista dialekten, og at dei gjerne vil ha ho tilbake. Det er ein av grunnane til at mange er med på dialektleir. Saman med dei andre ungane har dei mykje moro på stølen. Her leikar dei, tek fjøsstell og har forskjellige dialektlærerar kvar dag. Dei skal gjennom slåttekurs, kvedingkurs og stevkurs, skal lære å bøte sokkar, kare og spinne, spikke og prate og ikkje minst leike. 

– Me leikar og tullar på. I går hadde me hangups-konkurranse. Tord har rekorden med heile 10, fortel Ingrid Kristine Eirke.

Då Hallingdølen var innom fredag, var det Arne Moslåtten som er dialektlærar. Han fortalde frå han var ung. Om livet på stølen og lærte ungane å uttale vanskelege ord. Ungane sat som tente lys.

LES OGSÅ: Hallingdal noir

Å svare rett på spørsmål om likt og ulikt er ein av aktivitetane på stølen.

Har planar om å legge om
Deltakarane synest det hadde vore synd om hallingdialekten blir borte. Det er så moro å høyre mange forskjellige folk frå forskjellige plassar prate. Mange meiner det burde vore meir halling eller nynorsk på Barne-TV.

– Eg synest det burde vore ein eigen hallingkanal, flirer Amelia Gomez Snerte.

Veslesyster Elvira kniser med og er einig. Ho er imponert over venninna Ingrid Kristine som i fjor heldt fram å prate halling etter leiren var slutt.

– Eg hugsar eg tenkte kor smart ho var som berre fortsette, så i år har eg bestemt meg for å gjere det eg òg!

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest sexy dialekt