Haga går mot Borten Moe som Sp-nestleiar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Haga går mot Borten Moe

Tidlegare Senterparti-leiar Åslaug Haga vil helst ha Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim som ny nestleiar i partiet, men «stemmeteljaren» til Ola Borten Moe hevdar at sigeren er i boks.

– Slik det ser ut frå Tyskland, der eg arbeider og bur, treng Sp ein samarbeidsorientert 1. nestleiar som vil føre vidare den grøne partilinja. Etter desse føresetnadene er, etter mi vurdering, Anne Beathe Tvinnereim Kristiansen den kandidaten partiet er best tent med, seier Haga til Aftenposten.

Tvinnereim er motkandidat til noverande nestleiar Ola Borten Moe, som treng støtte frå minst 155 delegat på det ekstraordinære partilandsmøtet for å få nok stemmer til å kunne halde fram i vervet.

Fem dagar før møtet hevdar ein av tilhengjarane til Borten Moe, Jostein Grande, at fleirtalet er i boks.

– Teljinga vår viser at Borten Moe har støtte frå 175 av delegatane, seier Grande til avisa.

I Tvinnereim-leiren tvilar dei på desse tala. Avisa har likevel ikkje fått tal for nokon av standpunkta. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?