Hadwan (25) vil følge kunstardraumen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hadwan har no vore i Noreg i sju månader, seks av dei i Årdal. Han har alt fått opphaldsløyve og fått avklara busetting i ein kommune. Om kort tid flytter han frå Årdal til Balestrand. 

Fleire i Årdal har lagt merke til dei flotte teikningane han lagar med hjelp frå grå- og fargeblyantar, då han legg dei ut på Facebook. Porten.no møtte han heime i Øvre Årdal, der han bur i lag med dei to syriske venene Walat Ali (28) og Ferhad Osso (23). 

Artikkelen held fram under biletet

DELER HUS: Både Ferhad Osso (23) (f.v), Walat Ali (28) og Hadwan Morsal (25) er frå Syria. Ferhad blir om kort tid busett i Hokksund, Hadwan reiser til Balestrand, medan Walat enno ventar på å bli busett i ein kommune, slik at også kona kan kome etter frå Syria. Foto: Ina Eirin Eliassen

Reisa heimanifrå
Reisa frå Homs i den vestlege delen av Syria var både lang og vanskeleg for Hadwan. På flukta frå krigen i heimlandet var han avhengig av menneskesmuglarar. Berre reise frå Tyrkia til Italia tok kring ti dagar ombord på ein båt. 

Sjølv om Hadwan no går på norskundervisning, har han enno mykje å lære. Då engelsken også er tilgrensa, hjelper Walat til med å omsette. Porten.no legg merke til at på eine teikninga (sjå bilete) står det skrive "Art never comes from happiness" og me spør om meininga bak teikninga. 

Hadwan fortel at han teikna biletet til ei jenta han møtte på båten frå Mersin i Tyrkia og over til Italia. Ho visste ikkje om kjenslene Hadwan fekk for ho, då han ikkje følte han kunne fortelje det på båtenturen. Kunsten vart ein måte for han å uttrykke seg på. Han la ut biletet på Facebook og håpa jenta skulle kjenne seg att og kommentere på biletet. 

Nyttar kunsten for å uttrykke seg
For Hadwan har det å teikne vore ein hobby sidan han var liten. Han nyttar kunsten når han vil fortelje noko. 

Artikkelen held fram under biletet

GIR DEI BORT ETTERKVAR: Hadwan gir bort bileta sine etterkvart som han lagar dei. Denne teiknina har Hadwan gitt bort til Ferhad, som finn den fram slik at Porten.no får teke eit bilete. Foto: Ina Eirin Eliassen

– Eg føler meg avslappa når eg teiknar. På den måten kan eg uttrykke meg. Eg har teikna meir etter at eg kom til Noreg. Her har eg funne ro og eg ser framtida mi her, seier han.

Hadwan var med å sprang årets Vettisløp forrige helg og han har også nytta tida her i Årdal til fotball, å stå ski og til fotturar. Han sett pris på aktivitetane som Årdal mottakssenter arrangerer for å få nye opplevingar og for å bli  kjent med folk. Det er viktig for han å få ting til å skje, så ikkje ventetida blir så lang. 

Teikna som born
Men ting har ikkje alltid vore slik. Hadwan studerte økonomi og handel på Al-Baath University, sjølv om han alltid har hatt eit ønske om å bli kunstnar. Dei siste åra i Syria klarte han ikkje teikne. Han klarte rett og slett ikkje slappe av nok til å få det til. 

– I Syria er det liten interesse for kunst. Korkje foreldre eller myndigheiter oppmodar ein til å drive med kunst, eller fotball for den del. Det handlar om å studere for å skaffe seg ein jobb slik at ein kan tene til livets opphald, forklarar Walat. 

– Eg håpar eg etterkvart kan studere i retning kunst, for så å finne ein jobb der eg kan leva av å teikne. Eg kan gjerne jobbe som frivillig i ei avis eller eit magasin berre eg får drive med kunst, seier Hadwan lurt medan han smiler. 

Takksame for å få kome hit

Det er vanskeleg for dei tre venene å følge krigen i heimlandet frå tv-skjermen. Både Walat og Ferhad er frå byen Kobani i Syria, men vart ikkje kjent før dei flytte til Årdal. Dei fortel at styrkar frå terrorgruppa IS har omringa byen, der innbyggarane står att utan korkje mat eller pengar. 

– Det går ikkje an å leva med situasjonen slik den er i Syria. Tankane våre går til familie og slekningar i tillegg til dei som er på flukt. Her er me trygge, men vårt høgaste ønske er at ein kan finne ei løysing på krigen, slik at folk kan få leva i fred. Eg har sett sjølv kor ille det er. På ein augeblunk kan eitt liv vera tapt for skota, fortel Walat.

Walat seier det ikkje er lett for nokon land å skulle ta inn så mange menneske som er på flukt frå Syria. Det krev ressursar. Likevel må folk få kjenne tryggleik, uanhengig om hjelpa kjem i Syria, nabolanda eller i Europa. 

Dei tykkjer det er godt å ha syriske vener rundt seg her i Årdal, som dei kan dela språk og kultur med. I tillegg er det viktig for dei å bli kjent norsk kultur, tradisjonar og med folk i bygda. Det er ingen som vil vera heilt åleine, fortel dei. 

– Me er veldig takksame for all den hjelpa me har fått her i Noreg, seier Hadwan. 

Dei var alle tre ute å leita etter 24-åringen frå Eritrea som forsvann for ei veke sidan. Dei tykkjer det er godt at så mange var med for å leite, og i tillegg støttar opp om flyktningar og asylmottaket her i Årdal. 

GLØYMER HO IKKJE: Denne teikninga laga Hadwan på valentinerdagen, med jenta frå båten friskt i minne. Foto: Ina Eirin Eliassen