Gutane fiksa juss best

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Universitas.

I etterkant av vårens eksamenar ved Det juridiske fakultet har UiO publisert statistikk over karakterfordelinga, og på dei fleste eksamenar, også kjønnsfordelinga. Her ser vi at menn presterer betre. Vi spurte studentar ved studiet kvifor det er slik.

Norsk undersøking:Gutar juksar mest

Få kvinnelege idol
Jusstudentane Sofie Rekkavik, Marte Morland og Rikke Skjørshammer Klafstad trur menn som kjem inn på profesjonsstudiet i rettsviteskap er meir motiverte enn kvinnene.

– Kvinner har særs få idol i arbeidslivet å sjå opp til, til skilnad frå det menn har. Kanskje vi rett og slett demotiverast av ein tanke om at vi aldri vil klare karriere på same måte som menn, undrast Rikke Skjørshammer Klafstad.

Flink pike
Jentene meiner også fram at kvinner har som vane å fort bli stressa, og gjerne ikkje sorterer ut det vesentlege i pensum.

– Gutar er kanskje flinkare til å konsentrere seg om éin ting om gongen, og dermed lettare plukkar med seg det aller viktigaste, seier Marte Morland.

– Jenter føler kanskje i større grad at dei må prestere og skal vere flink pike, og nileser seg gjennom pensum. Gutar er gjerne meir ambisiøse og inspirerast av det, seier Sofie Rekkavik.

Nei til kvotering
Dei er fullt klare over den skeive kjønnsbalansen på studiet, og trekker fram at nokre kvinner med gode karakterar gjerne vel utdanningar som juss og medisin fordi dei kan. Det betyr likevel ikkje at dei vil eller er sikre, og er gjerne mindre målretta i val av studie.

– Hadde det vore ein idé å innføre 50/50 kjønnskvotering for å motivere kvinner i større grad?

– Nei, eg har inga tru på at kvotering er løysinga på å få kvinner til å prestere betre. Gutane kjem inn på bakgrunn av hardt arbeid på vidaregåande, på lik linje med kvinnene, seier Marte Morland, som er på sitt fjerde år i studieløpet.

LES OGSÅ: Jentedominans i høgare utdanning

– Mest motiverte
Fjerdeårsstudent Fredrik Riise deler teorien om at gutane er meir målbevisste enn jentene.

– Kvinner får i snitt betre karakterar enn menn på vidaregåande, men blant dei menna som kjem inn på jusstudiet finn vi dei mest motiverte, avsluttar han. Han presiserer likevel at det er mange målbevisste og motiverte kvinner på studiet.

Overraska
Studiedekan Trygve Bergsåker ved Det juridiske fakultet seier han er overraska over karakterspriket.

– Eg trur ikkje karakterskilnaden mellom kvinnelege og mannlege studentar har vore eit samtaleemne her på fakultetet, seier han.

– Kva tykkjer du om funnet?

– Eg veit ikkje. Eg har ingen kommentar til tala nett no.


I denne statistikken er berre eksamensresultata med kjønnsdifferensiering tatt med. Dette omfattar ti eksamenar og 1840 ­eksamenssvar, der 633 er av menn og 1207 av kvinner. Av ­omsyn til skilnaden i storleiken på kjønnsgruppene vert resultatet vist i prosent.


I særleg éin av eksamenane presterte menn ein god del betre enn kvinnene, nemleg i Rettsøkonomi I. Her ser vi eksamensresultatet over fire semester, der over 16 prosent av mennene fekk A, og 30 prosent fekk karakteren B. Til samanlikning fekk 9 prosent av kvinnene A, og 25 prosent B. Totalt i løpet av fire semester tok 133 menn og 118 kvinner dette emnet.