Gule englar spreidde førjulsglede

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Dei eldre gjestene var omringa av gulkledde hjelparar frå Helse- og oppvekstfag vg1 ved Ørsta vidaregåande skule. Rundt bordet frå v. Ragnhild Meland, Ragna Krøvel, Målfrid Hauge, Oddveig Rørstad og Agnes Grindseth. Filsan Hussfin serverer.

Vg 1 Helse- og oppvekstfag ved Ørsta vidaregåande skule er med på prosjektet "Livsglede for eldre". Denne veka arrangerte dei for første gong ein eldrekafé. Sidan det snart er jul var det både graut, småkaker og besøk av presten.

To vidaregåande skular i Møre og Romsdal har "Livsglede for eldre" som "Prosjekt til fordjuping ". Det er Ørsta og Rauma vidaregåande skule. Målet til stiftinga "Livsglede for eldre" er at alle elevar som går vg1 Helse- og oppvekstfag skal ha dette tilbodet innan 2015. Det er dei som har valt helsearbeidarfaget som kan velje dette prosjektet. Men på større arrangement vert også dei andre elevane ved lina engasjert.

Servering og underhaldning
Det er første året Ørsta vidaregåande skule har dette nye spennande faget. Denne veka arrangerte dei ein eldrekafé med julepreg i kantina på skulen. Om lag 30 eldre hadde funne vegen. Der fekk dei kjempegod servering av både graut og sjølvlaga kaker. Nokre elevar fortalde og viste lysbilde frå arrangementet dei hadde for born i Skåla før jul.

Det var lotteri, der alle gevinstane var gåver frå butikkar i Ørsta, og sokneprest Arne Moltubakk las juleevangeliet og sa nokre ord til ettertanke.

Informasjon
Dei eldre fekk også informasjon om stiftinga "Livsglede for eldre", som vart starta av ein gjeng sjukepleiarar på Sørlandet i 2005. I Volda har dei nyleg fått ei eiga lokalforeining.

– Dette er ein organisasjon som jobbar for å gi påfyll av livsglede og auka livskvalitet mellom dei eldre. Tanken er at sjukepleiarstudentar, elevar ved vidaregåande skule, helsepersonell og frivillige skal stelle i stand store eller mindre arrangement, slik at eldre både som bur heime og på institusjon skal få kome seg meir ut, eller får besøk der dei bur. Mottoet til stiftinga er "Leve livet ut", fortalde Dorthea Hermansen

Heilt ypparleg
Det var berre lovord å høyre frå dei eldre.

– Veldig kjekt at vi fekk kome hit, seier Ellen Johansen.

– Eg sette pris på at presten var invitert for å lese juleevangeliet, seier Ingeborg Folldal.

Ragnhild Meland hadde gledd seg lenge.

– Det er første gongen eg er på denne skulen, så det var interessant å få kome hit.

– Kva synest du om opplegget?

– Store verda så koseleg, seier Ragnhild.

– Heilt ypparleg, seier Ragna Krøvel som syntest det var svært å verte hente og bringa i bil.

Alle vi snakka med likte maten, og var glade for invitasjonen.

Stort behov
Ein av elevane som svinsa rundt med gul livsglede t-skjorte var Benedicte Dale.

– Kva synest du om arrangementet så langt?

– Det er veldig flott.

– Kva er tanken bak?

– Mitt inntrykk er at mange eldre sit mykje aleine Vi hadde difor lyst til å lage eit sosialt arrangement no før jul, seier Bendicte som sjølv satsar på å utdanne seg til ambulansepersonell.

Maria Årset går også ved Helse- og oppvekstfag. Ho arbeider også som pleieassistent ved Volda omsorgssenter på kveldstid og i helgane.

– Eg trur det er stort behov for slike tiltak. Mitt inntrykk er at mange av dei som bur på sjukeheimar sit for mykje i ro. Og at dette kjem av at det blir for lite tid til å aktivisere dei, seier ho.

Veldig fornøgd
Faglærar på vg1 Helse- og omsorgsfag er Margun Romestrand. Ho var veldig fornøgd med innsatsen til elevane. Margunn synest også det er fint at elevane får møte denne aldersgruppa på ein arena der ein kan ha fokus på trivsel. Ho synest også det er fint med meir praksis inn i utdanninga.

– Korleis synest du det har gått i dag?

– Eg synest elevane, dei gule englane, har vore skikkeleg flinke til å prate med dei eldre og ta seg av dei, seier ho.

– Kven er det som er her?

– Det er stort sett folk som bur heime, eller som er med på dagtilbod på Ørstaheimen eller Bakk-Ola -Marka. Nokre er også personar som elevane kjenner privat. Dei som har vore interessert har skrive seg på lister. Vi har også køyrt og henta folk, fortel ho.

– Blir det fleire liknande tiltak etter kvart?

– Ja, det blir det, men eg kan ikkje røpe kva vi skal gjere neste gong, seier Margunn som legg til at elevane har planlagt mest alt sjølve.

Dei eldre gjestene var omringa av gulkledde hjelparar frå Helse- og oppvekstfag vg1 ved Ørsta vidaregåande skule. Rundt bordet frå v. Ragnhild Meland, Ragna Krøvel, Målfrid Hauge, Oddveig Rørstad og Agnes Grindseth. Filsan Hussfin serverer.

LES SAKA I MØRE-NYTT!