Gud kan forsvinna frå speidarlova

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan forsvinna frå speidarlova

Etter 100 år med speiding i Noreg skal speidarane si eiga «grunnlov» – speidarlova- bli ny. Ifølgje Speidernes fellesorganisasjon, som er sett saman av Norges speiderforbund og KFUK-KFUM-speidarane, er trusparagrafen den enkeltparagrafen som har blitt mest debattert.

Den første av speidarlovene seier i dag at «en speider er åpen for Gud og hans ord». Fellesorganisasjonen har i høyringsutkastet utarbeidd tre alternativ til trusparagraf. Det eine er å ta vare på den noverande paragrafen. Dei to andre lyder slik: «En speider søker sin tro og respekterer andres» og «En speider arbeider for fred og respekterer andres tro».

LES OGSÅ:Speidarrørsla veks att

Skjerpa frontar

Komitéleiar Carsten Pihl meiner engasjementet rundt paragrafen har vore stort, men venta.

– Skjerpa frontar gjer at argumenta kjem tydeleg fram, noko som er heilt fint. For mange er framleis trua viktig i det daglege speidararbeidet, medan andre ikkje bryr seg så mykje. Den praktiske politikken om kven som kan bli speidarar må dei ulike forbunda vurdera, seier Pihl, som saman med komiteen skal vurdera argumenta denne veka.

Han meiner det viktigaste er å leggja grunnlaget for ei plattform som kan halda seg tjue år fram i tid.

– Vi ser trass alt på mykje meir enn den første paragrafen. Det er elles mykje ord og uttrykk som dei unge speidarane ikkje forstår, og det må vi gjera noko med, seier han.

LES OGSÅ:Alltid budd, alltid på nett

Trur på religionen

Speidarsjef Knut Slettebak i Norsk speiderforbund meiner ei omformulering av lovparagrafen i ei meir trusnøytral retning ikkje er ei direkte omformulering av visjonen til speidarane.

– Det kan kanskje påverka haldningar, men i utgangspunktet er ikkje speidarlova åleine det største «hinderet» for ateistisk deltaking. Då må i så fall andre ledd i formålsparagrafen vår også endrast, seier Slettebak, som strekar under at ateistiske deltakarar ikkje blir nekta speidardeltaking – men at ateistiske speidargrupper ikkje er i tråd med grunnreglane til speidarane.

Det nye forslaget er ute på høyring til 30. mars, før ei oppsummering og tilråding frå Speidernes fellesorganisasjon blir presentert i april. Deretter skal det leggjast fram eit ferdig lovforslag i september som etter planen kan bli vedteke i 2015.

Slettebak trur det framleis kjem til å bli lagt vekt på ein religiøs overtone.

– Eg trur at alle partar lever godt med både den noverande paragrafen og alternativ B. Inntrykket mitt er at det framleis er ynskje om ei form for religiøs tilknyting. (©NPK)

LES OGSÅ: Med Gud på skoen

Faktaboks

Høyringsutkastet frå Speidernes fellesorganisasjon kom i januar i år med desse forslaga til ny speidarlov:

* §1: Tre alternative forslag:
a) En speider er åpen for Gud
b) En speider søker sin tro og respekterer andres
c) En speider arbeider for fred og respekterer andres tro

* §2: En speider er en god venn
* §3: En speider tar vare på naturen
* §4: En speider behandler alle som likeverdige
* §5: En speider er til å stole på
* §6: En speider klarer seg med lite
* §7: En speider arbeider for fred
* §8: En speider tar ansvar og viser vei