Grove overgrep mot befolkninga før Rio-OL

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grove overgrep før Rio-OL

Filmen viser baksida av det gigantiske arrangementet OL har blitt, både i Rio-OL, men òg bak heile OL-ideen.

Nærare 100.000 menneske er blitt tvangsflytta på grunn av OL i Rio de Janeiro. Naboane til den olympiske parken er ulovleg fordrive. Nokre få tener lysskye milliardar på dei olympiske leikane. Investeringane i sportsanlegg og betre transportsystem kjem hovudsakleg overklasseområde til gode. OL har ingen framtid med ein slik sosial profil, seier fleire observatørar i filmen.

Den lovande snowboardkøyraren Isak Ulstein er med på filmen, og var med til Rio de Janeiro.

– Fattigdommen og situasjonen for dei som har blitt tvangsflytta har gjort eit veldig inntrykk, seier 18-åringen til Framtida.no.

Han fortel at han framleis ser på OL som eit kult arrangement, men at han no ser dei meir negative sidene òg.

LES OGSÅ: Løysinga ligg i det spartanske

Byggjer sportsanlegg for eliten
Og det finst noko å gleda seg over. Blant anna er det bygd tre «olympiske» offentlege ungdomsskular basert på idrett i Rio. Men dei har berre plass til 0,3 prosent av alle som går på ungdomsskule i Rio.

OL har òg sørgt for bygging av fantastiske sportsanlegg, men dei største er bygd i den olympiske parken i den nye forstaden for overklassa, Barra dei Tijuca. Dei nye vegane og det utvida kollektivtilbodet er òg mynta på Barra dei Tijuca.

«Barra skal vera eit område for eliten, utan dei fattige», seier eigedomsmagnaten Carlos Carvalho i filmen, han er ein av dei viktigaste støttespelarane til ordføraren.

LES OGSÅ: OL promoterer fedme

Ipanema-stranda. Foto: frå filmen

Korrupsjon og tvilsame avtalar
«Sosial reinsing» kan difor observerast på mange stader i dagens Rio, blant anna i Vila Autódromo som ligg ved sida av Den olympiske parken. Vila Autódromo var eit velfungerande nabolag, men utbyggarane ville ikkje ha dette nabolaget i nærleiken. Etter OL vil entreprenørane overta parken og byggja luksusleilegheiter. Dei som budde i Vila Autódromo kunne ha øydelagt for utsikta.

Det såkalla offentleg-private samarbeidet for OL i Rio de Janeiro rommar mykje korrupsjon og juridisk tvilsame avtalar, ifølgje filmen. Filmen ser på blant anna på bygginga av ein marina som vert bygt utan dei naudsynte miljøløyva i den flotte og verneverdige Flamengo-parken midt i byen.

Som leiaren av ungdoms- og fotballklubben Karanba, Tommy A. Hansen, seier i filmen: «Det vert for mykje kortsiktighet. Ein tek ikkje høvet til å gjera noko for folket og for landet generelt sett».

LES OGSÅ: Autoritære leiar

Mange har blitt tvangsflytta på grunn av Rio-OL. Foto: frå filmen

Har OL ei framtid?
Den 50 minuttar lange filmen er produsert av By-og regionforskningsinstituttet NIBR ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Forskar ved Høgskolen i Oslo og Akershus og Brasil-ekspert Einar Braathen er produsent for filmen.

Han trur ikkje IOC og Dei olympiske leikane kan leva med ein slik sosial profil viss dei skal ha ei framtid.

– Kva meiner du IOC bør gjera for å endra OL i ein meir berekraftig retning?

– IOC må stilla klarare krav til arrangørane om at dei må ha ein plan for både miljømessig, økonomisk og sosialt berekraftig OL, og passa på at denne planen blir følgt. IOC må også stilla krav om at ingen skal bli tvangsfordriven på grunn av OL, og viss det må gjerast rivingar på grunn av byggearbeid må dei som bur der få tilbod om bustader i nærleiken. Med andre ord at menneskerettane til FN blir følgt.

– Er det nokon byar idretten bør læra av?

– Lillehammer vinter-OL 1994, planane for vinter-OL i Oslo 2022 og London sommar-OL i 2012.  

LES OGSÅ: Derfor bør IOC få beskjed

Isak Ulstein fekk sjå forskjellane mellom ungdoms-OL på Lillehammer og Rio-OL. Foto: frå filmen

Ungdoms-OL ein kontrast til Rio
I filmen følgjer Isak Ulstein først i ungdoms-OL på Lillehammer og deretter i Rio de Janeiro. I Rio treff han jamnaldrande i og utanfor sportsarenaen, og ein ser nærare på førebuingane i byen til årets sommar-OL.

Ungdoms-OL på Lillehammer framstår som ein kontrast til gigantomanien i Rio. Med snowboardkøyraren Isak Ulstein ser me korleis leiken, den enkle sports- og konkurransegleda, kan stå i fokus. Han håpar sjølv å bli med i eit OL ein gong i framtida.

– Men det blir ikkje berre-berre, seier han.

LES OGSÅ: – Må få følgjer for reglane under OL