Grisebønder fryktar økonomisk trøbbel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bøndene er redde det vil ta lang tid før dei får erstatning frå det offentlege, skriv Stavanger Aftenblad. Nyleg vart ti gardar i Rogaland friskmelde, mens ein bonde i Hå på Jæren må slakte alle dyra sine etter at det er påvist smitte av resistente stafylokokkar, såkalla MRSA-bakteriar.

LES OGSÅ: Vil dyrke menneskeorgan i gris

– Dette er enormt store saker for dei som blir ramma. Derfor er det viktig at styresmaktene og bøndene spelar godt på lag, seier Geir Heggheim, som er styreleiar i Norsvin, avlsselskapet som er eigd av norske svineprodusentar. Norsvin har rundt 1500 medlemmer i heile landet.

Heggheim seier det var mykje frustrasjon knytt til sommel i samband med eit MRSA-utbrot i fleire grisebesetningar i 2013.

Birger Aasland, som jobbar med slike erstatningssaker hjå Fylkesmannen i Rogaland, seier frykta er grunnlaus:

– Den siste saka vi hadde om eit utbrot av MRSA var på Karmøy. Besetninga vart bandlagt i mai, og i juni vart det fatta vedtak om slakting. 17. juli sende bonden søknad om erstatning, og 29. juli fatta vi vedtak om utbetaling, fortel Aasland. (©NPK)

LES OGSÅ: Grisebønder slit i motbakke

Faktaboks

Fakta om MRSA

Stafylokokker er bakteriar som er ganske vanlege hjå både menneske og dyr, og enkelte har utvikla motstand (resistens) mot fleire typar antibiotika.

Desse blir kalla for meticillinresistente Staphylococcus aureus (MRSA).

Det finst fleire ulike variantar. Den som etablerer seg lett hos dyr, blir kalla LA-MRSA, eller dyreassosiert MRSA.

Bakterien gir sjeldan sjukdom hos dyr og friske menneske, men for menneske som allereie har svekt helse, kan bakterien gi alvorlege infeksjonar.

Det er viktig, og i Noreg prioritert, å halde førekomsten av MRSA hos husdyr og i befolkninga så låg som mogleg, for å unngå at bakterien etablerer seg i sjukehus og på andre helseinstitusjonar. (©NPK)