Grepstad vald til leiar i nettverk for språkmuseum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grepstad skal leia internasjonalt språknettverk

– Gjennom eit systematisk internasjonalt samarbeid skal vi gjere språkmusea viktigare i mange land, seier Grepstad.

Valet skjedde under skipingsmøtet til organisasjonen i Milano søndag. I tillegg til Grepstad er leiarane for Mundolingua i Paris og Canadian Language Museum i Toronto med i styret..

– Språk er det grunnleggjande ved å vere menneske. Då er det på høg tid at språkmusea etablerer eit formelt samarbeid, meiner Grepstad.

Nynorsk kultursentrum tok initiativ til å etablere nettverket, og Grepstad har arbeidd med å lokalisere språkmuseum verda over. Så langt er 59 museum i 31 land identifiserte – 11 museum frå ni land i Amerika, Europa og Asia slutta seg til det nyskipa nettverket.

– I 18 land er det berre eitt språkmuseum, og Noreg er eitt av dei landa. Dei som arbeider i musea, må krysse landegrenser for å finne museum som arbeider med det same.

Ifølgje Grepstad vil det internasjonale nettverket i første omgang utvikle samarbeid og kontakt via digitale medium. Nettverket reknar med at talet på tilknytte museum vil auke. (©NPK)

Les meir:

Martine Rørstad Sand er Årets nynorskbrukar. Ho har kanskje gjort det viktigaste målarbeidet sidan Ivar Aasen.

André Nilsson Dannevig såg eit underleg fenomen på skulen han gjekk på: Bokmålselevar bytte til nynorsk. Han ville finna ut kvifor.

Under Dei nynorske festspela i juni Jon Hustad takka for nynorskpris med radikalt framlegg: – Sidemålsundervisninga bør avviklast