Grepstad: – Gjekk glipp av historisk sjanse

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gjekk glipp av historisk sjanse

Direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad har øvste ansvaret for ei rad med nynorske institusjonar som mellom anna  Aasentunet og Allkunne i Hovdebygda i Ørsta kommune og Hauge-senteret i Ulvik. No jobbar han for å starta eit Vinjesenter i Vinje i Telemark.

Framtida.no skreiv i går om at fleire byar på Vestlandet ønskjer å ta rolla som nynorskens hovudstad.

Grepstad synest det er ein interessant diskusjon, og oppmodar alle som vil vera nynorskhovudstad til visa det i praksis.

– Det krev stabilitet og at mange miljø jobbar i lag, seier han og inviterer til samarbeid med Nynorsk kultursentrum.

LES OGSÅ: Her vinn nynorsken fram

Interessant med Bergen
Grepstad meiner Bergen kan vera ein interessant aktør viss byen melder seg på i marknaden og ønskjer å vera ei regional kraft for nynorsken. Men han meiner det er langt igjen, og viser til Den Nationale Scene som for fleire år sidan gjekk ut og sa dei ville vera nynorskteater. I fjor fekk dei kritikk frå Jon Fosse for å visa for lite nynorsk på scenen.

– Ein må ha ein klar og handfast strategi. Me vil gjerne vera med på å utvikla ein slik strategi, seier Grepstad.

Han seier ein berre kan undra på kva som ville skjedd om borgarskapet i Bergen hadde bestemt seg for å bruka nynorsk. Borgarskapet i Barcelona bestemte seg for å bruka katalansk og arbeider no for å lausriva seg frå resten av Spania.

LES OGSÅ: Språk, fotball og fridomsstrev i Catalonia

– Det er ein historisk sjanse for Bergen og Vestlandet som gjekk tapt, seier Grepstad.