Grenselaus journalistikk

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gamle journalistfilmar har vanlegvis ei scene der reporterar frå konkurrerande aviser grip til kvar sin telefon, eller kastar seg over kvar sitt tastatur, følgt av eit nærbilete av vinnaren si lett erotiske tilfredsstilling over å vere aleine om nyheita ei lita stund.

Ein realistisk journalistfilm frå 2017 ville like gjerne innehalde ei scene der journalistar frå ulike medium, gjerne frå fleire land, set seg rundt eit bord og loggar seg på det felles nettet. Så seier ein av dei: «OK, folkens. Korleis løyser vi dette saman?»

For drygt ti år sidan gjekk det opp for pressa at nyheitene ikkje er nasjonale. No er norske lokalaviser i ferd med å innsjå at dei heller ikkje er lokale. Som ein konsekvens av denne erkjenninga blir mykje meiningslaus konkurranse erstatta av samarbeid. Når nyheitene ikkje kjenner nokre grenser, kan heller ikkje journalistikken gjere det.

Medisinane på det nærmaste apoteket er kanskje godkjende i Portugal. Då gjeld godkjenninga i heile EØS-området. Selskapet som har hovudentreprisen på den nye vegen til nabofylket, er kanskje spansk, mens arbeidarane er litauarar. Dei 47 nye naboane, kameratane på volleyball-laget og ho med hijaben som alltid leiter etter det billigaste brødet på kiwien, kom hit i 2015 på grunn av krigen i Syria. I fjor kom det ikkje fleire til bygda, på grunn av ein avtale Tysklands Angela Merkel gjorde med Tyrkias Recep Erdogan. Korleis skal ei norsk lokalavis kunne dekkje alle dei globale prosessane som får så tunge lokale utslag?

For to år sidan fekk økonomijournalist Bastian Obermayer i Züddeutsche Zeitung i München eit tips av uvanlege dimensjonar; 11,5 millionar dokument med fortruleg informasjon om korleis advokatfirmaet Mossack Fonseca i Panama hadde hjelpt 214 000 firma med å unngå skatt. Züddeutsche er ei stor avis, men dette var langt utanfor deira evner og økonomi. Løysinga blei å dele lekkasjen med andre kollegaer – stikk i strid med den gamle myten om konkurranse som journalistikken si djupaste drivkraft.

Til slutt deltok 107 redaksjonar i 80 land, blant dei Aftenposten. Etter eitt års hemmelege analyser av dokumenta, blei funna publiserte samtidig over store delar av verda. «Panama papers», som dette enorme eksempelet på det som blir kalla crossborder-journalistikk blir kalla, har hittil ført til minst 150 politietterforskingar i 79 land.

Ikkje eit einaste lensmannskontor blei alarmert av Klassekampen sitt oppslag laurdag 28. januar i år, men den lange artikkelen var på eit vis like historisk som «Panama Papers», sjølv om han ikkje avslørte noko straffbart. I samarbeid med 14 lokalaviser, frå Tidens Krav i nordvest til Lindesnes heilt i sør, hadde Klassekampen undersøkt bruken av dei fem milliardane som blei løyva for å møte oljekrisa på Vestlandet og Sørlandet.

Som ein kanskje kunne gjette, og som det delvis var kjent frå før, gjekk pengane til mykje anna enn å redusere arbeidsløysa. Innhaldet var ikkje det mest oppsiktsvekkjande ved denne reportasjen – det var bruken av crossborder-journalistikk på tvers av norske fylkesgrenser som gjorde han unik.

15 norske aviser dreiv journalistikk saman, på tvers av konsern og politisk oppfatning (for dei av dei som held seg med noko slikt). Saman granska dei noko som vedkom dei alle, men som var for stort til at nokon av dei kunne klare det aleine. Researchen var felles, men innhaldet var forskjellig i dei 15 avisene. RA skreiv om Stavanger, mens Firda skreiv om kva Flora kommune fekk att for pengane. (Svaret var at dei fekk lite.)

Noreg blir sentralisert med ein fart og ei kraft som burde ført til flytting av midtdelarane på vegane, slik at det blei tre køyrefelt til Oslo og berre eitt frå Oslo. Avgjerder som tidlegare blei tekne lokalt, flyttar til store regionale einingar, men aller helst til hovudstaden, eller til Brussel, London og Frankfurt. Att sit lokaljournalistar som må nøye seg med å rapportere om konsekvensane av disse avgjerdene. Med mindre dei innser at også samarbeid kan skape den pirrande kjensla av å lykkast.

Først publisert med CC-BY-SA-lisens på NDLA.no.