Grandiosarekord

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har hatt og har ein veldig høg marknadsdel innan frosenpizza, og det er vanskeleg å forsvare så høge marknadsdelar over tid. Men vi hadde vekst i 2016, og det er vi veldig fornøgde med, seier konsernsjef Peter A. Ruzicka til E24.

Konsernsjefen kan fortelje at Orkla selde 24 millionar Grandiosa-pizzaar i 2016, og at selskapet for første gong selde Grandiosa for meir enn éin milliard kroner på eitt år (målt i forbrukarverdi).

– Vi har hatt eit gradvis fall i marknadsdelen innan frosenpizza, men denne flata ut mot slutten av 2015 og vi har sett han auke i 2016. Grandiosa har hatt ein del på rundt 50 prosent av frossenpizzamarknaden i Noreg, og denne delen har auka med 2,5 prosentpoeng, seier Ruzicka.

LES OGSÅ: Forskar: – Her er den beste pizzaosten