Google vil ha kortare arbeidsveker

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bør me jobba mindre?

I eit sjeldant fellesintervju med Google-grunnleggarane Larry Page og Sergei Brin snakkar dei litt om historien og litt om framtida, skriv mashable.com. Det er her Larry Page, konsernsjef i Google,  luftar idéen om at samfunnet kanskje ikkje treng at alle jobbar fulltid lenger. Draumen fortel han om i eit intervju med Vinod Khosla, grunnleggaren av Khosla industries.

– Om du tenkjer etter på kva me treng for å vera lukkelege – ein heim, tryggleik, moglegheiter for borna – er det ikkje så vanskeleg å skaffa dette. Mengda med arbeid som trengs for å skaffa det er forsvinnande liten, så tanken om at alle må jobba så mykje er rett og slett ikkje sann, seier Larry Page i intervjuet.

LES OGSÅ: Redda 14.000 fotballbaner regnskog

Kjøpte nesten Google

Khosla og Google-grunnleggarane har hatt kontakt tidlegare. Då Khosla jobba saman med selskapet Excite, hadde dei moglegheita til å kjøpa Google for ein knapp million dollar – men i 1999 virka ikkje dette som eit freistande nok tilbod for Excite.

I februar i år var verdien på Google 400 milliardar dollar.

LES OGSÅ: Når såg du sist ein zomromcom?

Du kan sjå heile intervjuet her: