God hotellsommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har mange italienarar, spanjolar, hollendarar og belgiarar. Vi ser også auka tal på grupper frå land som Polen og Tsjekkia. Det finst tydeleg kjøpekraft. Eg trur mange har fått auga opp for at ikkje alt er dyrt i Noreg. Matvarer og alkohol er relativt dyrt ja, men det same er ikkje tilfelle med hotellprisane, seier hotelleigar Svein Muri ved Olden Fjordhotel til Fjordingen.

LES OGSÅ: Startar skihotell

Via Ferrata er ein suksessfaktor
Hotellet har hatt ein god sommar så langt, og innehavaren seier til avisa at han er svært nøgd. Hotelldirektøren fortel at også dei andre hotella i distriktet har gode dagar.

– Eg er veldig imponert over det Hotel Alexandra har fått til. Dei er ein motor i utviklinga av reiselivet totalt. Via Ferrata har blitt ein kjempesuksess. Nordfjord ligg utan tvil godt i løypa når det gjeld reiselivsutvikling på Vestlandet, seier Muri til avisa.

«Via Ferrata» er den spektakulære vegen over den nye Gjølbrua, den lengste hengjebrua i sitt slag i Europa, som vart opna i 2013.

LES OGSÅ:Forbrukar like mykje vatn som i Dødehavet kvart år

1,72 millionar overnattingar
Siste statistikk for hotellovernattingar frå Statistisk sentralbyrå gjaldt mai månad, og viste ein stadig oppgang for overnattingar ved norske hotell.

I mai i år var det 1,72 millionar overnattingar ved norske hotell, noko som var 66.000 fleire overnattingar enn i same månad i 2014, ein auke på fire prosent. Storparten av veksten var det utanlandske gjester som stod for. Tal for resten av sommaren kjem 14. august.