Gjev bistand til dei mest korrupte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På den årlege korrupsjonsindeksen frå Transparency International er Noreg på sjetteplass blant dei minst korrupte landa.

Men medan Noreg har klatra frå 10. plass og til ein 6. plass på lista over dei minst korrupte, ligg mange av dei landa som Noreg gir bistand til, stabilt blant dei mest korrupte. I enkelte av desse landa går bidraget frå Noreg rett inn i statsbudsjettet, skriv Aftenposten.

– Dersom vi skulle gå etter dei minst korrupte, hadde vi berre Sverige att. Det er dessverre slik at det er dei fattigaste landa som har mest korrupsjon og dei svakaste institusjonane, seier Ingrid Fiskaa (SV), statssekretær for utviklingsminister Erik Solheim.

Somalia og Nord-Korea er ifølgje Transparency International dei mest korrupte landa i verda, deretter kjem Burma og Afghanistan.

I forhold til korrupsjonsindeksen er New Zealand det minst korrupte landet i verda. I korrupsjonsindeksen blir korrupsjonsnivået i landa rekna ut basert på tilbakemeldingar frå ekspertar og organisasjonar i kvart enkelt land. (©NPK)