Gjenopplivar «Ta sjansen»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

Tysnesfest har i år fått ideen om at det populære show-rennet «Ta sjansen», som gjekk på fjernsyn før i tida, kan vera eit kjekt innslag under årets festival.

LES OGSÅ: Her spelar Lars Vaular 753 moh

Ta sjansen-veteran
På laurdag filma den nye programleiarduoen for Tysnesfest, Haakon Haaland og Kåre Martin Kleppe, promovideo for det nye innslaget. Sjå video av stuntet øverst i saka.

Den lokale versjonen av konkurransen skal ha den same høge underhaldningsfaktoren som originalen. Men rampen som kjem frå Austlandet og som skal bli nytta under konkurransen i sommar, er ikkje på plass før i juni. Då lyt ein ty til dei verktya ein har i mellomtida.

Like etter ferjeavgangen ti på tre, forta ein gjeng seg med å laga ei rampe på den senka ferjelemmen. Den vart laga av hovudsakleg presenning, zalo og vatn. «Båten» som vart sendt utfor var eit gamalt, gult badekar, og mannen som «tok sjansen» var Thomas Torgersen.

– Thomas var med på det originale «Ta sjansen» i Holmenkollen i 1992, og då han nemnde det for oss, måtte me jo bruka han i videoen, fortel Kåre Martin Kleppe.

LES OGSÅ: Manglar eigen festivalpolitikk

Småkaldt i sjøen
Etter litt meir rampeførebuing er det klart. Thomas hiver seg oppi badekaret og ringjer med bjølla, gliser breitt til dei som står og ser på, før han vert skubba ned lemmen og ut i den kalde sjøen. Nokre symjetak må til før han når fram til «bjølla» ein må ringja; i dette tilfellet ei blåse som vert kasta uti.

På Ta sjansen i Holmenkollen, var Thomas med i ein båt forma som ein stor laks, på ein firmatur med RexStar Seafood. Då hamna dei på 13. plass av 27 deltakarar.

– Korleis var det denne gongen?

– Veldig forfriskande, smiler Thomas, vel oppe på land igjen.

– Skal du vera med på konkurransen i sommar?

– Det veit eg ikkje heilt endå, ler han.

LES OGSÅ: Vann sølv i olabil-NM

– Start båtbyggjinga no
Styret i Tysnesfest finn stadig på nye aktivitetar og konkurransar til festivalen, og «Ta sjansen» er ikkje noko unnatak.

– Det vert ikkje ro-tevling i Våge hamn i år, så då måtte me erstatta det med noko. Det er veldig kjekt med nye påfunn, og me vonar at mange melder seg på, seier dei to programleiarane.

Spesifikasjonar for bygging av båt til konkurransen kjem på nettsidene til Tysnesfest. Utanom reint praktiske krav til dimensjonar, er det berre fantasien som set grenser.

– Det vert premiering for den båten som kjem seg fyrst fram til bjølla i sjøen, forklarar Haakon.

– Men det vert og premiering av den finaste båten, legg Kåre Martin til.

Konkurransen går av stabelen i Våge hamn laurdag 11. juli.