Gitarspel mot fedme

Framtida
Publisert
Oppdatert 11.01.2022 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange studiar om årsaker til overvekt fokuserer på kva trening og fysisk aktivitet i ungdommen har å seie for utvikling av overvekt seinare i livet.

Ungdommar nyttar ein stor del av tida si på andre fritidsaktivitetar enn trening, men til no har det vore lite forsking på korleis desse aktivitetane påverkar vekta.

NTNU-forskar Koenraad Cuypers og kollegaene ved Institutt for samfunnsmedisin har sett på effekten kulturelle og sosiale fritidsaktivitetar har på utvikling av overvekt.

– Kulturelle aktivitetar i ungdommen motverka overvekt hos jentene når dei vart vaksne, medan sosiale aktivitetar gav større fare for overvekt hos begge kjønn, fortel Cuypers til Forskning.no.

Effekten til gen som er knytt til overvekt såg òg ut til å være mindre på unge med høg deltaking i kulturelle aktivitetar.

LES OGSÅ: Tenkjer seg tjukke

Kulturell og sosial aktivitet påverkar vekta
– I diskusjonen rundt dagens fedmeepidemi vert det ofte påpeikt at dagens generasjon er for stillesitjande, og at dette spelar negativt inn på vekta.  Dette ser ikkje ut til å vere tilfelle for dei kulturelle aktivitetane som krev mental aktivitet, fortel Cuypers.

Kulturelle aktivitetar vart i studien definert som å lese ei bok ein likar, høyre på musikk, spele eit instrument, sjå på tv eller dvd, eller gjere lekser og skulearbeid i meir enn ein time.

Sosial aktivitet inkluderte å besøke nokon ein kjenner, få eit besøk, vere ute i over to timar med venner, eller å vere på eit møte eller trening i ein organisasjon eller klubb.

Studien synte at vekta i voksen alder vart påverka hos grupper som var aktive innan slike aktivitetar, men at dei to typane aktivitetar hadde motsett effekt.

Medan ungdom som var mykje sosiale oftare ble overvektige, hadde aktive innan kulturelle aktivitetar mindre fare for overvekt 11 år seinare enn sine jamaldrande som engasjerte seg mindre.

Forskarane har tatt for seg data frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) frå perioden 1995-97 og oppfølging av dei same individa i 2006-2008 under HUNT3.

LES OGSÅ: Høg puls gir betre læring

Vernar mot stressfedme
Forskarane ser fleire mulige forklaringar på kvifor kulturelle aktivitetar verkar beskyttande mot overvekt.

– Tidligare forsking av vår forskingsgruppe har synt at høg aktivitet innan kulturelle aktivitetar i seg sjølv er knytt til god helse og muleg òg ein sunn livsstil.

– Men ein ser også ein mulig forklaring i at rolige og konsentrasjonskrevjande aktivitetar er med på å dempe effektane av stress, og at slike aktivitetar dermed ser ut til å hindre utvikling av stressrelatert overvekt, seier Cuypers til forskning.no.

Også dyreforsøk viser at rotter brenn feitt betre når dei får mental stimuli som leiker, små oppgåver for å leite etter maten, og får bygge reir.

Medan kulturelle aktivitetar ser ut til å ha ein førebyggjande effekt, er det mindre truleg at det er eit viktig middel for å komme seg tilbake til en sunn vekt.

LES OGSÅ: Aktive tenåringar blir smartare og rikare

TV som stressdempar
– Eit funn som overraska oss litt var at TV- og videotitting ikkje var relatert til overvekt i denne studien, seier Cuypers. Dette kan forklarast med at dei som ser mykje på TV også kan være flinke til å drive med fysisk aktivitet.

Den samanhengen ser ut til å ha samanheng med det kulturelle og sosiale. I tillegg ser TV-sjåing ikkje ut til å vere eit godt mål på kor mykje ungdommen var stillesitjande totalt i løpet av ein dag.

TV-sjåing kan òg for nokre ungdommar fungera som stressdempar. TV- og videosjåing er definert som en viktig del av ungdomskulturen, og er med på å bygge opp relasjonar og identitet.

LES OGSÅ: Kontorarbeidarar forbrenn like mykje som jegerar

Betre folkehelse med kultur
I studien sjekka forskarane òg ungdommane for 12 kjente gentypar som har vorte sett i samanheng med utvikling av overvekt.

– Jamleg utøving av kulturelle fritidsaktivitetar såg ut til å motverke effekten av desse genane som gjer ein tilbøyeleg for overvekt, noko ein ikkje har funne å gjelde for fysisk aktivitet. Dette er veldig spennande funn, ivrar Cuypers.

I eit folkehelseperspektiv ser han for seg at skulen med fordel kan lære ungdommane at god helseåtferd ikkje berre inneber låg vekt, regelmessig fysisk aktivitet og gode matvanar, men òg deltaking i kulturelle aktivitetar som ei slags stressmeistring.

– Ei variert deltaking i kulturelle aktivitetar er viktig. Hobbyar som induserer glede og interesse hos ungdommar som å lese, høyre på musikk og sjå på TV bør ikkje straks forkastast som for stillesitjande og dermed usunne. Dei bør derimot få innpass i ein meir heilskapleg sunn helseåtferd, avsluttar Cuypers.