Generasjon Lykke

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stive smil og harde hender

– Er du journalist frå Framtida? Då må du intervjue oss, for vi er framtidas stjerner!

Daniela Alem (12) og Gabriela Meieran (10) melder seg som talspersonar med overtydande entusiasme. Dei er blant tretti barn og unge som skal fylle Trikkestallen med song og dans til helga, då musikalen Generasjon Lykke har premiere.

Rømmer til Lykkeland
I musikalen møter publikum Nora. Familien hennar har høge forventingar og dei kranglar ofte. Difor rømmer Nora til drøymeverda Lykkeland. Der smiler alle innbyggjarane heile tida. Alle seier dei er lykkelege, og ingen trur at dei nokon gong skal bli ulykkelege. Nora møter Dronning Lykke og Prinsesse Glede, som styrer med stive smil og harde hender.

– Vi må smile så mykje vi kan, heile tida, fortel Gabriela.

– Ja, vi må smile til vi får vondt i kjeven, stadfestar Daniela.

Dei speler to av innbyggjarane i Lykkeland.

– Spørsmålet er om vi er lykkelege bak smila, forklarar Gabriela.

Artikkelen held fram under biletet.


Nora reiser til Lykkeland, der ho møter Dronning Lykke og Prinsesse Glede. Her kan det vere farleg å ikkje vere lykkeleg…

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier

Å vere ekte
Er eg lykkeleg nok? Kva er ekte lykke? Og kven er eg, eigentleg? Det er nokre av spørsmåla som vert stilt i musikalen.

Lea Bull-Njaa (13) har hovudrolla. Ho kan kjenne seg att i spørsmåla Nora stiller seg.

– Nora er både usikker og sjølvsikker. Ho er usikker på kva ho skal bli, men sikker på at ho kjem til å finne ut av det. Eg veit heller ikkje kva eg skal bli, men familien min er ikkje slik som Nora sin, fortel Lea.

Nora rømmer fordi ho trur mora vil bli gladare om ho vert lykkelegare, ifølgje Lea.

Sjølv føler Lea at ho får lov til å vere seg sjølv, også når ho er sur og tverr.

– Men eg kan jo òg uroe meg og vere stressa, og for eksempel lure på om eg aldri kjem til å finne ut kva eg vil bli, eller aldri kjem til å få jobb.

– Gruer du deg til premieren?

– Eg anar ikkje! På fredag veit eg det. No må eg berre øve, slår Lea fast.

Artikkelen held fram under biletet.


– Bli ville, instruerer scenograf Louise Grimstad Waarli, og dei kring tredve skodespelarane kan la premierenervane få utlaup.

LES OGSÅ: Alvorsprat med morosam dame

Musikalsk kritikk
Det er ikkje berre på Sagene samfunnshus at lykke står høgt på agendaen om dagen. Denne veka har statskanalen svømt i lykke etter at tv-programmet Oppdrag Lykke byrja, der fire vanlege menneske jaktar på lykka. På NRK sine nettsider kan du i det høvet teste kor lykkeleg du sjølv er, eller du kan lære om snarvegar til meir lykke. Ifølgje NRK er den gjennomsnittelege lykkeskåren i Noreg 67 av 100 moglege.

Det er ikkje så ille. Då OECD målte lykke og livskvalitet i 36 land, kom Noreg på andreplass.

Men korleis påverkar lykkefokuset dei yngste? I ulike nettaviser og kommentarfelt vert den mest korrekte merkelappen for dagens barn og unge stadig debattert: Generasjon lydig, generasjon opplysing, generasjon meg, generasjon søker prosjekt, generasjon z eller generasjon alvor.

Og no kjem altså Sagene-bebuarane med eit forslag – generasjon lykke.

– Det er mange som latar som dei er lykkelege, meiner Daniela og Gabriela.

Manusforfattar, regissør og scenograf Louise Grimstad Waarli håpar ein oppblåst versjon av ”lykkesamfunnet” kan få skodespelarar og publikum til å tenkje.

– Vi har diskutert mange av spørsmåla undervegs i øvingane. Barna forstår meir enn ein trur, fortel ho.

– Målet er å gjere desse barna meir medvitne, slik at dei ikkje tek alt for god fisk. Også håpar eg sjølvsagt at publikum kan tenkje det same.

Artikkelen held fram under biletet.


– Eg gler meg mest til scena der innbyggjarane innrømmer at dei ikkje alltid er lykkelege og perfekte, men eg gruar meg til å synge solo, seier Lea (Nora).

LES OGSÅ: Satsar meir på unge og lokal kultur

Små og store bekymringar
Musikalen blandar gamle og nyskrivne songar, og musikken kjem frå mellom anna Lady Gaga og Fame. I Lykkeland får publikum møte karakterar som Ullgensarane, Potetpoetane, High og Tech, Funny, Gal, Galere og Galest.

Daniela spelar High og Funny, og Gabriela spelar Gal. Deira bekymringar er for tida meir kortsiktige.

– Eg er ganske uroa for premieren, seier Gabriela.

– Og for når vi skal vere vert for Fabian Stang!

– Tenk om eg dummar meg ut! Det uroar meg litt, seier Daniela.

Men mest av alt gler Daniela og Gabriela seg, ikkje minst til kostymer og merksemd. Det tyder likevel ikkje at dei ikkje kan vere einige i bodskapen i Generasjon Lykke.

– Ein må ikkje fake lykka si, slår framtidas skodespelarar fast.

LES OGSÅ: Ein finger med i biletet

Kva er lykke for deg? Er det for mykje fokus på å vera lykkeleg, synest du?

Faktaboks

Generasjon Lykke er ein ny musikal i bydel Sagene i Oslo, som blandar kjende og ukjende sangar.

Deltakarane er 33 born og unge frå 7 til 16 år.

Framsyningar 21. og 22. september.