Gausskurva har kollapsa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har sikkert høyrt det før, men i haust, som under alle valkampar elles, lova dei ymse partia å gjera norsk skule betre, og særleg tydeleg var Venstre og Høgre på at dei skulle gjera norske elevar betre i rekning. Det høyrest ut som valflesk, men det finst faktisk gode grunnar for å koma med slike lovnader; det står nemleg ikkje særleg bra til med reknekunna mellom norsk skuleungdom.

Tak berre dei ferske eksamensresultata for ungdomsskulen. Dei har mest kollapsa medan Kristin Halvorsen har vore utdaningsminister. Ho ber neppe skulda åleine, men i skuleåret 2008–09 fekk 5,1 prosent av tiandeklas-singane karakteren 1 ved avgangseksamen. Året etter fekk 5,9 det same. I skuleåret 2012–13, derimot, enda 11,7 prosent opp med karakteren 1. Ei liknande utvikling ser vi for karakteren 2.

Så kunne ein alltids vona at dette var eit symptom på at skulen no prioriterer dei flinke, men nei: Om vi ser på karakteren 5, fekk 17,9 prosent denne i 2008–09, i 2012–13 var den same gruppa på 13,3 prosent. Når det kjem til karakteren 6, var det 3,9 prosent som fekk den i 2008–09, i 2012–13 oppnådde 2,0 prosent det same.

Gauss-kurva er borte
Der er vi altså. Gauss-kurva har slutta å gjelda i norsk ungdomsskule; seks gonger så mange får karakteren 1 som karakteren 6. Så kunne ein alltids vona at dette var tilfelleleg, men trenden er svært klår, resultata vert suksessivt dårlegare år for år, og særleg tydeleg er auken i strykkarakteren 1.

Ein skulle kanskje tru at det er mogeleg å bøta på resultata i den vidaregåande skulen på ålmennfag der lærarane i utgangspunktet skal vera universitetsutdana, men nei. Utviklinga i den studie-førebuande matematikken, 1P, må berre kallast kata-strofal. Utdanningsdirektoratet gjev ikkje opp tala for 2008–09 og 2012–13, men i 2009–10 fekk 8,5 prosent karakteren 1; året etter fekk 24,8 det same, og i fjor vart 34,6 prosent gjevne karakteren 1. For tre år sidan fekk 23,5 prosent karakteren 2, i fjor var det 32,5.

I andre enden står det nesten verre til. I 2009–10 fekk 11,9 prosent 5, i fjor 1,9 prosent. Og for karakteren 6 har det gått frå 0,5 prosent til 0,2 i 2010–11 til 0,0 i fjor. Vi tek opp att, 0,0 prosent fekk 6. Det tyder nødvendigvis ikkje at ingen i Noreg fekk karakteren 6 i studieførebuande matematikk, det tyder berre at desse som fekk denne karakteren, er så få at dei ikkje viser att i statistikken.

Dårlege lærarar
Det er mykje usemje mellom skuleforskarar og pedagogar, men om ein ser på kva dei fleste er samde om, så er det éin ting som går att: Dårlege karakterar er eit resultat av dårlege lærarar, og gode karakterar er eit resultat av gode lærarar. I norsk skule går gode lærarar av, og dårlegare kjem inn, så enkelt og problematisk er det. I byrjinga av 1970-åra var 25 prosent av alle lærarar på ålmennfag realistlektorar, i vår tid er det på fem prosent; fallet har gått jamt og trutt. Og diverre har dei stadig færre lektorane truleg også gått gjennom eit kvalitetsfall, i det minste om vi ser på IQ-en.

I fjor publiserte forskarane Jarle Møen, Kjell G. Salvanes og Helge Sandvig Thoresen ein artikkel i forskingstidsskriftet Magma med tittelen «Har kvaliteten på lærere falt over tid?» Fyrste setninga er kort og fyndig. «Skolen og kvaliteten i skolen er den viktigste årsaken til rikdom og velstand i et land.» Difor har desse forskarane enkelt og greitt sett på den historiske utviklinga av kognitive evner hjå norske lærarar, eller for å seia det rett ut: Dei har freista å finna ut om IQ-en til norske lærarar har falle.

Noreg har den lengste tids-serien i verda for IQ-testar sidan vi har hatt ålmenn verneplikt heilt fram til våre dagar. Sidan 1930-åra har alle norske menn gjennom sesjon vorte testa for kognitive evner. Dei tre forskarane har sett på IQ-scoren for alle fødselskull sidan 1950 og spesifikt plukka ut dei som har vorte lærarar og lektorar, for så å jamføra desse med resten av fødsels-kulla same året. Vidare har dei jamført lærargruppa med juristar og lækjarar. Slik kan dei både sjå den historiske utviklinga og den relative utviklinga i høve til andre yrkesgrupper i same kohort.

Kvinner og brør
No har dei ikkje kognitive resultat for kvinner sidan desse ikkje har hatt verneplikt, men det har forskarane freista å løysa gjennom å sjå på resultata for brørne til kvinnene. For som dei skriv: «Det er godt dokumentert at det er en sterk sammenheng mellom skårene til søsken på slike kognitive tester.»

Resultata er ikkje gode, særleg ikkje for dei som har valt lærarskulen. Dei mennene som byrja som lærarar i byrjinga av 1970-åra, hadde ein IQ som plasserte dei mellom dei 30 prosent av folkesetnaden som har den høgste scoren, kvinnene plasserte seg mellom dei 25 prosentane som har høgst score. Dei som er fødde i 1950 og litt seinare, er dei som for tida går av med pensjon gjennom AFP-ordninga. Gjennom heile perioden ser vi eit klårt fall i kognitive evner. I dei siste kulla, dei som er fødde mellom 1975 og 1980, plasserer gjennomsnitts-læraren seg i den delen av folkesetnaden som har ein kognitiv score som ligg på 40 prosent, eit fall på ti persentilar gjennom éin generasjon.

Lektorar scorar ikkje uventa høgre enn lærarar, men vi ser eit liknande fall hjå dei. Lektorane vert færre, og dei som likevel vel å verta det, har også eit fall på 10 persentilar på éin generasjon. Faktisk er det slik at dei som vart fødde i 1980 og har enda opp som lektorar i dag, har den same kognitive scoren som dei som vart fødde i 1950 og seinare byrja på lærarskulen. Utviklinga for lektorar var rett nok ikkje særleg fallande for kulla fødde mellom 1950 og 1975, men etterpå har det nesten gått rett ned, i det minste for mannlege lektorar.

Ikkje utvatning
Kan forklaringa vera at langt fleire vel å taka lærarutdaning i dag, og at vi dimed har fått ein utvatningseffekt? Nei, det har vore ein jamn oppgang i høgre utdaning for alle kull sidan 1950, men det har ikkje vore ein oppgang i delen av kulla som tek lærarutdaning. Læraren gjer det heller ikkje så godt jamført med andre yrkesgrupper. Gjennomsnittsscoren for dei som vart lærarar av fødsels-kulla i byrjinga av 1950-åra, låg på 90 til 95 prosent av dei som valde å verta juristar i same generasjon. Mellom dei som vart fødde på slutten av 1970-åra, er dei same resultata 80 til 85 prosent. Endå tristare er utviklinga om ein samanliknar med lækjarar.

Forskarane dreg fram løn som ei av hovudsårsakene til den triste utviklinga. Særleg dramatisk har fallet vore for lektorar. Tradisjonelt tente dei dobbelt så mykje som ein industriarbeidar; no tener dei 20 prosent betre. Dessutan er det noko særmerkt med løna til lærarar, det er ingen samanheng mellom kognitive evner og løn. Om vi deler inn kognitive evner frå 1 til 9, så er det mellom høgt utdanna ålment ein skilnad i årsløn på 100.000 mellom dei med fire og dei med ni. Mellom lærarar finn ein altså ikkje noko slikt. Flink eller uflink, det tyder ikkje noko.

På line med Botswana
Så kunne ein kanskje trøysta seg med at dette neppe er spesifikt for Noreg, og at vi sikkert ikkje gjer det så gale samanlikna med andre land. Diverre er det nok ikkje slik. TEDS heiter eit internasjonalt program som i 2008 jamførde reknevna mellom lærarstudentar i sytten ulike land. Liv Sissel Grønmo og Torgeir Onstad ved Universitetet i Oslo har sett nærare på resultata frå TEDS, og resultata er henta både frå ålmennlærarutdaning og universitetsutdaning. I gjennomsnitt gav testane ein poengscore på 500.

«De norske allmennlærerne både med og uten ekstra matematikk presterer svakere enn nesten alle de andre landenes program for ungdomstrinnet og markant under det inter-nasjonale skalerte gjennomsnittet på 500. Unntakene er land som Chile, Botswana og Filippinene, som vi allerede har sagt at det ikke er så meningsfullt å sammenlikne med», skriv dei to. Litt betre står det til mellom dei som vel å taka master ved universiteta i dei nye lektorprogramma, men også desse «presterer svakere enn tilsvarende studenter i mange andre land».

Konklusjonen gjev seg sjølv: «Når man kjenner til de svake norske prestasjonene i matematikk i internasjonale komparative studier som TIMSS og PISA (Grønmo et al., 2004; Kjærnsli et al., 2004), kan man anta at noe av grunnen til de svake resultatene i disse studiene er en svak faglig basis hos norske lærere.»

Lite å gjera
Oppsummert: Løna og prestisjen til norske lærarar har gått ned, IQ-en har gått ned, resultata har gått ned, og skulen har gått ned.

Men alt dette er ein del av ein historisk trend som har vart ved sidan slutten av 1960-åra. Di meir moderne den norske skulen har vorte, di dårlegare har lærarane vorte og med dei elevane. Så kan ein alltids vona at ei ny regjering vil gjera det betre og lyfta både løna og prestisjen til norske lærarar. Men om det skjer, vil resultata fyrst visa seg om mange år. I fjor var det 0 prosent som fekk 6 i matematikk fyrste året på vidaregåande i ålmennfaga. Det tyder at 0 prosent av dei som vert lærarar frå det kullet, er verkeleg gode i matematikk, som gjer at 0 prosent av det kullet kan berga framtidas skule.

Les kommentaren i Dag og Tid!

Faktaboks

Ei gausskurve = normalfordeling. Ein normalfordelt variabel har ofte verdien som ligg nær middelverdien, og sjeldan verdien som har stort avvik. Difor ser normalfordelinga ut som ei bjølle. Les meir på Wikipedia!