Gaming eit større problem enn rus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å bli avhengig av dataspel er blitt eit alvorleg problem for mange unge, og Nav i Trondheim anslår at mellom 50 og 60 prosent av unge som verken går på skule eller jobbar, slit med overdriven speling.

– Enkelte kallar det elektronisk heroin, og dei blir frykteleg avhengige av det. Dei trekker seg vekk frå familie og venner og sit aleine og spelar. Dei har heller ikkje måltid saman med andre, men ordnar seg mat sjølv, seier Sverre Aasbakk som er ungdomsrettleiar ved Nav Østbyen i Trondheim, til NRK.

Dette handlar ikkje om pengespel på nett, men diverse spel som tidsmessig kan ta det meste av døgnet for dei som er hekta.

Vinnaren av skrivekonkurransen om livet på nett, Håkon Åsebø, er ikkje einig: Dataspel – ikkje så dumt som ein skulle tru