Galisisk, språket som vart dikta fram att

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan nynorsk opphavleg spring ut frå eit språkvitskapleg arbeid, tok galisisk skriftspråk form først gjennom diktekunsten.

I det nordvestlege hjørnet av den iberiske halvøya ligg Galicia, ein spansk region med andletet mot Atlanterhavet og eit eige språk som vert tala av 2,3 millionar menneske, litt avhengig av korleis ein tel. Sjølv om undersøkingar syner at mange unge går over til å nytte spansk (kastiljansk), held galisisk stand som eit levedyktig språk på mange samfunnsområde. Det er ikkje sjølvsagt. Framveksten av galisisk minner oss stundom om målstriden på heimlege trakter. Historia om galisisk skriftspråk har ofte vore prega av kamp mot det dominerande spanskspråket, men kanskje like ofte også av ein kamp mellom galisiarane sjølve.

Først kom lyrikken

Den 17. mai 1863 kom det ut ei diktsamling med tittelen Cantares Gallegos av Rosalía de Castro. Boka hennar hadde sprengkraft. Gjennom 35 dikt på 152 sider blåste Rosalía liv i eit skriftspråk som hadde vore uverksamt i fleire hundre år. I mellomalderen vart det i den vestlege delen av halvøya talt og skrive såkalla galisisk-portugisisk, eit språk som etter kvart kom til å utvikle seg i to retningar, nasjonalspråket portugisisk og talemålet galisisk. Galisisk kom ikkje til å utvikle seg til eit skriftspråk, langt mindre til eit nasjonalspråk. Det var kastiljansk-spansk som skulle bli hoffspråket i Spania i mellomalderen, og som dermed fortrengde galisisk (og fleire andre iberiske språk). Galisiarane hugsar denne tida som dei mørke hundreåra, Séculos Escuros. Men medvitet om eit eige språk fanst. Det overlevde i talemålet.

Diktsamlinga til Rosalía (bildet) markerte byrjinga på ei litterær og kulturell rørsle (o Rexurdimento – atterreisinga) som hadde som prosjekt å skriftfeste galisisk, først i lyrisk form, seinare i andre sjangrar. Det var ikkje enkelt. Langt på veg måtte Rosalía og andre diktarar skape eit nytt skriftspråk, dei hadde i mindre grad kjennskap til mellomaldertekstane. Rosalía tok difor utgangspunkt i talemålet i Santiago de Compostela, men nytta etter kvart også dialektformer frå andre stadar i Galicia. Samstundes var ho ikkje fri for å ta inn spanske former. Eit talemål er aldri einsarta, det kjenner vi att her til lands. Den nye galisisken var difor inkonsekvent og vakla i ord- og formval. Rosalía vart kritisert av mellom andre diktarfrenden Xoán Manuel Pintos, som avviste alt som fall saman med spansk. Han meinte at det galisiske språket måtte finne sin eigen veg og skapte difor ei rekkje galisiske ord som på sett og vis var kunstige. Slik purisme har heller ikkje vore heilt ukjend heime hos oss. Denne spenninga mellom to ståstadar for kva retning galisisk rettskriving skulle ta, kom også til å prege språkdebatten seinare.

Trass i innvendingane var det tvillaust ei stor bragd å gje ut Cantares Gallegos, ei utforsking av eit nytt skriftspråk og ein eigen kulturell galisisk arv, som var temaet for dikta til Rosalía. Dikta tok for seg skikkar, folketru, høgtid, pietisme, kjærleik, utvandring osb. Diktsamlinga såg såleis både bakover og framover. Det attdikta språket knytte saman folketradisjon og framtidsvon for ein del av Spania som oftast var neglisjert.

Folkemålet på alvor

Medan det var den litterære rørsla som gav språket liv, var det språkvitarane som gav det struktur. Etter dei første diktutgjevingane kom dei første grammatikkane og ordbøkene på galisisk på slutten av 1860-åra, til dømes Diccionario Gallego (1868) av Xoán Cuveiro Piñol. Ikkje overraskande vaks galisisk fram samstundes som Ivar Aasen var godt i gang med det språkvitskaplege arbeidet sitt, det var felles tankestraumar om nasjon, kultur og språk som rådde i Europa på den tida. Men medan nynorsken på sett og vis opphavleg var eit språkvitskapleg prosjekt, var galisisk i utgangspunktet eit litterært prosjekt. Begge tok folkemålet på alvor.   

Litterær styrke gjev ikkje nødvendigvis politisk makt. Det var først og fremst intellektuelle og yrkesutøvarar i byane i Galicia som stilte seg bak språket. Overklassa ville ikkje setje på spel privilegium og politisk makt, medan bønder og folk på landsbygda vart haldne på sida. Her kan ein skyte inn at den katalanske språkkampen fekk kraftigare vind i segla fordi det katalanske borgarskapet støtta han. Likevel fekk dei galisiskskrivande i 1905 skipa eit slags offisielt språkråd eller språkinstitutt for galisisk, Real Academia Galega. Språket hadde slått rot, det var tid for å gje det stabile former gjennom ei offisiell ordbok. Ho kom ut i fleire bind mellom 1912 og 1928.

Samstundes vaks ein ny og ambisiøs generasjon av galisiskskrivande fram. Dei utforma eit nasjonalistisk program for utstrekt sjølvstyre for Galicia og organiserte seg i lag (Irmandades da Fala) med eiga avis i ulike delar av regionen. Galisisk skulle ikkje berre vere eit litterært språk, det skulle verte eit berande kulturspråk på nivå med spansk, fransk og tysk. Galisisk skulle vere eit språk for politikk og eit språk for vitskap. Nye bruksområde skulle erobrast, det ein no til dags gjerne kallar for domeneerobring i språkplanlegginga. Den nye krafta fekk likevel ein brå slutt med den spanske borgarkrigen og Franco-diktaturet ved makta. Språket forsvann frå det offentlege rommet, og fleire aktivistar gjekk i eksil. Ei ny mørketid for galisisk tok til. Den litterære høgborga Buenos Aires 9 900 kilometer unna vart den nye heimstaden til utgjevingar på galisisk i denne perioden.

Demokratisering og ny bløming

Med demokratiseringa i Spania i 1970-åra opplevde galisisk ei ny bløming, på same måte som fleire andre minoritetsspråk i landet. Mange av regionane vart autonome med meir sjølvstyre, Galicia var blant dei første. Ikkje berre fekk regionen eigne sjølvstyrevedtekter, han fekk også ei språklov i 1983. Galicia som politisk eining i det nye Spania var jo langt på veg bygd på tanken om eit eige galisisk språk, i motsetnad til Baskerland, der tanken om eit eige folk stod sterkt. Men språklova vart ei heit potet. Ho vart først forkasta av grunnlovsdomstolen i Madrid. I den opphavlege versjonen stod det at alle innbyggjarane i Galicia hadde plikt til å kunne galisisk og rett til å nytte det. Det vart for sterk kost for sentralregimet i hovudstaden. Spansk var språket alle skulle kunne i Spania, og det var forankra i den spanske grunnlova. Denne privilegerte statusen til spansk skulle ingen kunne utfordre, meinte domstolen. I staden vart det lovfesta at alle i Galicia hadde rett til å kunne språket og bruke det, og det er jo noko anna. Mange vart vonbrotne. Galisisk vart i prinsippet underordna spansk, også i eigen region. Det vart aldri noko reelt jamstillingsvedtak.

Likevel fekk galisisk ein posisjon som språket aldri hadde hatt før. Tidleg i 1980-åra vart galisisk administrasjonsspråk og skulespråk i regionen, ein status det aldri hadde hatt før. Ein medviten språkpolitikk gav også opphav til galisiskspråkleg radio og TV i tillegg til aviser. Jamvel konservative politikarar som høyrde til det sterkt sentralistiske partiet Alianza Popular (forgjengaren til dagens regjeringsparti Partido Popular), nytta galisisk allereie i dei første demokratiske valkampanjane. Galisisk erobra nye domene, og eit ganske omfattande skuleringsprogram vart sett i gang for at galisisk skulle kunne bli eit fullverdig administrasjonsspråk i regionen. Dersom ein borgar nyttar galisisk i kontakt med lokale eller regionale styresmakter, vil galisisk automatisk verte sakshandsamingsspråket, noko som minner oss om vår eiga mållov.

Den romerske muren, Lugo. Foto: Luis Miguel Bugallo Sánchez / CC BY-SA 2.5 ES-lisens

Rettskriving mellom spansk og portugisisk

Samstundes som statusarbeidet fekk ny kraft, tok også korpusarbeidet til. Språket skulle normerast, få faste former på nytt. Det var inga enkel sak. Tidleg kom rettskrivingssynspunkt til å spegle ståstad langs den politiske aksen. Den første rettskrivingsnormalen frå 1982 vart vedteken under det konservative styret, og han bygde på prinsippet om normering på eige grunnlag. Galisisk språk skulle vere sjølvforsynt med galisiske ordformer. Men mange meinte at normalen hadde teke opp i seg for mange spanskliknande former. På venstresida i politikken, særleg den sterkt nasjonalistiske delen, kasta ein faktisk blikket sørover mot grannelandet Portugal. Felles historiske språkrøter gjorde at fleire ville at ein skulle normere galisisk så tett opp til portugisisk som mogleg. Nokre ville jamvel slå dei to språka saman. Den seinaste rettskrivingsnormalen frå 2003 var eit forsøk på å samle dei ulike leirane. Ikkje overraskande synte det seg vanskeleg. Sluttresultatet vart stort sett eit galisisk på eigne bein, men med ein del valfrie former som er felles med portugisisk. Ikkje alle aksepterte det, og ein finn i dag nokre få, men røystesterke galisiarar som nyttar ein alternativ normal basert på portugisiske rettskrivingsreglar.

Sjølv om rettskrivingsdebatten framleis held fram, er det nok språkbytet som uroar dei fleste. Språkpolitikken har ikkje klart å stogge tendensen til at mange galisiarar går over til å nytte spansk. Det gjeld særleg dei unge. Ein ser mange tilfelle der foreldra er galisisktalande, men borna deira nyttar primært spansk. Borna er altså tospråklege, men med galisisk som det svake språket.  Det er altså først og fremst eit tap mellom generasjonar. Språkforskarar knyter det gjerne til låg sosial prestisje. Undersøkingar syner at sjølv om statusen til galisisk er høgare enn før, vert spansk framleis rekna som prestisjespråket. Somme meiner at galisisk står i fare for å verte «eit kjøkkenbordspråk» på lang sikt.

Den galisiske språkkampen er ikkje heilt som den katalanske og baskiske. Galisiarane fører ein seig, tolmodig og pragmatisk språkkamp med krafta frå Rosalía de Castro (bildet). Steg for steg, ord for ord. Men dei kan også gje lyd frå seg. Rett før jul sende utdanningsråden for den galisiske byregionen A Coruña ut eit offisielt julekort på spansk og med den spanske skrivemåten til byen (La Coruña). Då vart det bråk. Det er uvisst om det var medvitsløyse eller provokasjon. I Spania og i Galicia veit ein at det ofte kan vere det siste. Det har galisiarane vore vande med i fleire hundreår. Men krafta frå Rosalía ber dei med seg, og kvar 17. mai minnest dei diktekunsten og språket.
 

Ole Våge har ein ph.d.-grad med spansk språk i fagkrinsen. Han arbeider til dagleg som seniorrådgjevar i Språkrådet.