Gabriel har sjarmert millionar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Kvinnheringen.

Då pappa Agnar Lauritzen lasta opp filmsnutten på nettkanalen Youtube ante han ikkje kor populær den kom til å bli. Fleire har nemleg snappa den opp og lagt den ut på nytt via det sosiale mediumet Instagram, med ulike morosame tekstar til. Ein av dei er humornettsida «9gag», som har 14,2 millionar følgjarar på Instagram-kontoen sin. Der står følgjande tekst til videoen på engelsk: «Når du nyt søndagen din og plutseleg kjem på at måndag kjem…». 539.874 personar har likt videoen, og den har fått 132.415 kommentarar. Filmsnutten er også delt på «9GAGTV», ein Instagram-konto med 722.000 følgjarar, der den har ein annan tekst. I tillegg veit Agnar og mamma Silje Merete Solfjell om fleire Instagram-kontoar som har delt videoen.

LES OGSÅ: Nesten ingen klarar denne oppgåva

Det var mamma Silje Merete som filma Gabriel ved frukostbordet i fjor vår. Ho filma med mobilen og snudde kameraet slik at guten fekk sjå seg sjølv, og det var då han høyrde sin eigen latter at han brått fekk eit alvorleg og skeptisk uttrykk. Mora sendte filmsnutten til faren som ikkje var heime akkurat då, og han syntest den var så artig at han seinare lasta den opp på nettkanalen Youtube.

Gjennomtenkt
– Eg plar leggja ut slike filmar av og til, men mest på Facebook slik at vener og familie får sjå han. Eg legg ikkje ut kva som helst, og ikkje ting eg trur kan skjemma han ut når han blir eldre. Eg veit jo at mange er skeptiske til å dela ting på internett og sosiale medium, og eg forstår mange av argumenta. Men likevel meiner eg det får bli opp til kvar einskild å vurdera, denne videoen såg eg på som så uskuldig at eg ikkje ser problemet. Eg trur mange kan ha glede av den, seier Agnar.

Kona Silje Merete er generelt litt meir skeptisk til sosiale medium, men blir ikkje stressa av at så mange har sett videoen av sonen:
– Det er jo berre vi nærmaste som veit at det er Gabriel på videoen, alle andre tenkjer vel berre at det er ein morosam baby dei ser.

LES OGSÅ: Alle elskar desse skjeletta