Fysisk yoga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Instruktør Anders Lien var invitert til Optimal helseklinikk i helga for å ha timar med Ashtanga yoga både for nybyrjarar og vidarekomne. Det var første gang at Lien hadde timar i Ørsta, og yoga er populært.

– Vi har ikkje hatt Ashtanga yoga tidlegare, men vi har klassisk og medisinsk yoga. Medisinsk yoga er veldig populært, og det kan nyttast både til rehabilitering og opptrening, seier Mette Løseth ved Optimal helseklinikk.

Rørslesystem
Men kva er Ashtanga yoga? Lien forklarar det slik:

– Ashtanga betyr åtte steg eller delar. Det er eit rørslesystem der pust og bevegelse er synkron inn og ut av forskjellige posisjonar. Kvar posisjon har ein reinsande, styrkjande og smidiggjerande effekt. Så er Ashtanga yoga veldig mykje meir fysisk enn andre typar yoga, men eg legg inn meditasjon i byrjinga av timane, seier Lien.

Utfordrande
Laurdag var første time, og den var for herrar som var nybyrjarar. Lien var veldig godt nøgd med deltakarane, og deltakarane sjølve var fulle av lovord om Ashtanga yoga.

– Dette var veldig bra. Ein får utfordra bevegelse og styrke på ein heilt ny måte. Dette var mi første erfaring med yoga, og eg kunne tenkt meg å prøve det nokre gongar til. Ein har ikkje heilt taket på det enno, og det tek litt tid, seier Kåre Myrene.

Yoga i Ørsta er førebels mest populært blant kvinnene ifølgje Løseth.

– Det er nok slik, og difor hadde vi ei eiga herregruppe no. Det er mange som ynskjer å drive med det, og dei har sjansen no. Vi ser også at det er fleire menn som kjem inn for å ha privattimar med yoga.

LES OGSÅ: Pust og akrobatikk

– Passar for alle
Lien har undervist i yoga sidan 1997, og har m.a. undervist yoga som linefag ved Den Norske Balletthøyskole i 4 år og utdanna fitness-yogainstruktørar ved Norges idrettshøgskole i 4 1/2 år. No bur han i Ålesund, og reiser rundt og underviser.

– Ashtanga yoga passar i utgangspunktet for alle, og er det spesielle behov så vert det gjort tilpassingar, seier Lien.

Les saka i Møre-Nytt!